Vårskog

IMG_4020

Etter veker med regn, gråvêr og vårsnø som gjorde sitt for å halde mange turstader utilgjengelege, var det brått ein dag med skyfri himmel, vindstille og skinande sol. So då bar det til skogs og opp i høgda so langt ein kom før ein nådde att snøen som vonarleg er i ferd med å pakke sekken og reise nordover.

Og i tretoppane og på bakken stod våren klar til å ta over marka.

IMG_3994IMG_4100

Dagmåne

Det har vore ein mild og våt vinter, men no og då har der vore dagar som har forsikra ein om at ein ikkje har hoppa rett over til våren. Dagar med knallblå himmel, bleik dagmåne og snøflukser som fer i byger bortetter liene og over vatna. Dagar med tjukkelabbar i støvlane, sporsnø, og ein og annan fugl som bles seg opp til dobbel storleik for å halde varmen. Dagar der gul lav lyser opp i det grå, der høge bildurar blir dempa og stille kviskringar forsterka.

IMG_3571IMG_3589IMG_3617IMG_3632IMG_3574

Potteplanteforsøk

Eg likar plantar. Eg vil til og med påstå at eg har nokonlunde god peiling på plantar, so lenge dei finst vilt ute i skogen eller i strandkanten eller på fjellet. Men når det kjem til potteplantar, so er eg ganske håplaus. Ikkje kan eg namn, og ikkje veit eg kor mykje eller lite vatn dei skal ha – eller kor ofte. Og so lyt ein jo tenkje på temperatur og trekk.

Men då ein potteplante på heimgarden hadde eit utal små utvekstar som hang i lause lufta, fann eg ut at det var no verdt å prøve seg på å få dei til å røte seg.

IMG_3505

Tidleg i haust klipte eg av desse avleggarane og sette dei i vatn på kjøkenbenken, og gløymde heilt av å sjå til dei. Men då eg no i vinter kom på å undersøkje saka nærare, oppdaga eg at det hadde utvikla seg nokre verkeleg lange røter. Då var det kanskje på tide å finne fram litt plantejord og nokre potter.

IMG_3513IMG_3518

Det var moro å prøve seg på å ta avlegggarar, og det kan hende eg gjer det på nytt dersom eg kjem over ein plante med ein avleggar klar til å takast. Men det er nok inga fare for at eg opprettar ein potteplantekonto på sosiale medium med det fyrste.

Julaftan 2019

Julaftan, ein gong mellom, Tre nøtter til Askepott og kveikjing av lys på gravene, var det høve til å gå ut og sjå korleis det stod til med verda utanfor. Som i dei fleste hus, var det julestemning å finne òg ute i naturen.

På eit naust var der til dømes ein kledeleg krans som pynta opp ein elles bleik vegg…

IMG_3107

Bøane var dekte av frostglitter…

IMG_3135

På klungeren var det fleire julekuler i den høvelegaste fargen…

IMG_3180

I elva var der modernistiske isskulpturar…

IMG_3166

Snøen gjode sitt for å gjere sentrum i bygda om til ein julelandsby av den typen du finn som miniatyr i butikkane…

IMG_3151

Og fjorden var liksom av djupt grønt glas.

IMG_3194

Finkar på brettet

Denne fugleforingssesongen har bjørkefinkane vore på besøk fleire gonger. Stort sett sit flokken i rognetreet og plukkar det som er att av bæra, men ein og annan kjem bort på fuglebrettet der meisene stort sett held seg.

Bjørkefinkane ser ut til å vere litt meir skeptiske enn kjøtmeisa og blåmeisa, men dei vågar seg etter kvar nært nok til å få seg nokre godbitar.Fuglebrettet (89)

Eit bjørkefinkpar vart dessutan særs komfortable ved minatyrstabburet. Faktisk likte dei seg so godt at eg trur meisene vart litt forarga på at dei ikkje kunne flytte seg og sleppe dei andre til. Fuglebrettet (109)

Og som om ikkje dét var nok, so kom sanneleg bjørkefinken sin næraste slektning her til lands, bokfinken, og skulle forsyne seg òg.Fuglebrettet (94)

Fru Bjørkefink og herr Bokfink fann tonen og hadde ei riktig fin stund saman før dei for kvar til sitt.Fuglebrettet (97)

Eg trur bjørkefinken må vere ein av mine nye favorittfuglar.

Førførjulstid

Adventsstjerne, lysgirlanderar, julekaker og -songar lyt framleis vente ein liten månad. Men der er visse ting ein kan gjere allereie no, for å smått og forsiktig førebu seg til den temmeleg trivelege og travle tida som er desember. 

I november kan ein til dømes…

  • strikke og sy og måle og spikke og forme slikt som skal bli til julegåver (eg rekk i alle fall aldri å gjere alt i desember!).
  • vere på utkikk etter eit høveleg juletre i skogen (sin eigen eller etter avtale i andre sin!), og kanskje knyte på ei lita sløyfe slik at ein finn det att sjølv om det skulle kome snø før du har fått henta det.
  • stappe og røykje julepølser.
  • tenkje ut kva for nokre julekaker du skal bake i år og finne fram oppskriftene (men ikkje falle for freistinga og byrje bakinga!).
  • drikke den teen som heiter verken «julete» eller «adventste», men som likevel smakar litt jul fordi den har både nellik, kanel og vanilje.
  • lytte til songen «The Ragpicker’s Dream» av Mark Knopfler, frå albumet med same namn.
  • sjekke at julekjolen/-ane heng der du trur han heng, og at den/dei ikkje har flekkar og støv frå fjoråret.
  • tenkje ut om du skal lage eller tinge adentskalendar til deg sjølv eller nokon andre.
  • pakke inn dei julegåvene som allereie er klare, slik at dei er klare til å sendast eller overleverast når høvet byr seg.

Matauk frå skogbotnen

Det lir utpå hausten med frost og låg sol, so soppsesongen er på det siste. Men på den lune skogbotnen er det framleis råd å finne ein og annan sopp som er fin nok til å leggje i korga.

soppx3 (1)

Kantarell og bleik piggsopp er gamle kjenningar, men då eg var på soppkurs tidlegare i haust, vart eg trygg på traktkantarellen òg. Når du fyrst finn han, er det gjerne rikeleg av han, so han er godt korgfyll.

soppx3 (2)

Og so får heller dei snigleetne skivesoppane av ukjend art bli ståande og setje farge på tilveret.

soppx3 (4)

Myrhausting

Myrhausting

Vi skulle berre gå ein kjapp rusletur over myra og over nokre små bergrabbar, berre so snarast rette ryggen og nyte haustsola som kikka fram. Men der såg vi brått nokre modna einerbær, og der var det plutseleg eit tytebær ein hadde oversett førre gong ein gjekk forbi. Og sanneleg var der ikkje ein bleik piggsopp mellom lyngen der! So lyt vi berre løfte på bregnene litt her, og so må vi berre bort til den buska og sjekke der. Og slik vart turen meir enn dobbelt so lang.

Admiral i naud

No når hausten er komen på ordentleg, med regn og ullhøvelege temperaturar, blir det ein og annan tur inn i den gamle fjøsen for å hente ved. Men noko som er heller uvanleg å sjå på vedhentingsekspedisjonane, er sommarfuglar i naud. Denne admiralen (Vanessa atalanta) hadde forvikla seg inn i ein spindelvev, og dei klebrige trådane hadde klistra saman vengjene hans. Han hang som daud.

Sjølv om synet var vemodig, var det òg ein del av meg som tykte at det var eit syn ein ikkje berre kunne snu ryggen til og gå ifrå. Det burde forevigast gjennom ei kameralinse. Eg henta kameraet. Trekken frå den halvopne døra fekk sommarfuglen til å snurre roleg rundt i edderkopptråden, og eg starta med å fange den stille rørsla på levande film. Men so skjedde det noko. Det eg trudde var eit livlaust skal, strekte på eine beinet. Snart tok følehorna og resten av føtene til å bevege seg òg, prøvande.

Augneblinken etter var redningsaksjonen i gong. Eg heldt fram handa so han fekk noko å klamre seg til, før eg kneip av tråden som heldt han fast. Edderkoppar spinn solide reip med godt klister, so det tok litt tid å reinske dei skjøre sommarfuglvengjene. Men når det endeleg var gjort, kunne admiralen låne kroppsvarmen min medan han kom seg til hektene att.

screenshotKlårt (3)IMG_2576