Vasskringler

Vasskringler (1)Vasskringler (5)

Anten det var gjestebod eller ein heilt vanleg onsdag ettermiddag, var det særleg ein ting eg gledde meg til med å kome innom farmor eller syster hennar. Begge desse damene laga nemleg dei beste vasskringlene i verda. Desse kringlene var fabelaktige med det at dei smakte like godt anten dei var nokre dagar gamle, tekne opp frå frysen eller komne rett ut av bakaromnen.

Etter omstendig leiting i begge sine kokebøker fann eg for ei tid tilbake oppskrifta, og eg har freista å rekonstruere den kulinariske opplevinga eit par gonger. Enn so lenge har eg ikkje lukkast heilt, for ein treng so mykje meir enn berre ei enkel oppskrift. Eg mistenkjer at det vil ta år å finne fram til den rette balansen mellom ingrediensane og ikkje minst å leite seg fram til den rette tjukna og den perfekte steiketida.

Vasskringler (2)

Heldigvis kan eg framleis stikke innom pappa si tante for prøvesmaking og gode råd. Den viktigaste tilbakemeldinga eg har fått so langt er at eg må bruke rikeleg med smør i deiga!

Merknad: Heil oppskrift gjev bortimot seksti kringler, so ein kan med fordel halvere den dersom ein ikkje skal mette so mange. Der igjen er det jo veldig praktisk å lage sopass mykje at ein har litt å fryse ned.

Sommarlesnad

Dei siste dagane har vore av den typen som festar seg i barnesinnet og blir prototypen på skikkeleg sommar. Når termometeret syner godt over tjue og sola skin, er det herleg å vere ute og nyte det medan ein kan, men varmen gjer òg at ein etter kvart har ein tendens til å søkje skuggen. Og noko av det mest fornuftige og behagelege ein kan gjere i skuggen er å lese. På sommardagar som vi har no er det ein særskild type litteratur eg lengtar etter: Eg vil lese om farlege ekspedisjonar ut i det ukjende og risikofylde foretak som skattejakt og gullgraving.

Om ein er i det nostalgiske hjørnet, høver det særskilt godt å lese Don Rosa sine historier om Skrue McDuck sin ungdom. Det Don Rosa har gjort med ein i utgangspunktet ufyseleg teikneseriekarakter er verkeleg flott, tykkjer eg. Forholdet mellom Gylne Gulda og Skrue er for øvrig den beste litterære romansen eg veit om.

Sommarlesnad (2)Sommarlesnad (1)

Og om ein er lysten på ein gullgravarroman, so er Skatten i Sierra Madre av B. Traven ein god kandidat. Vel og merke er det ein tekst med i overkant moraliserande og fordomsfulle undertonar, men den er likevel skriven på ein måte som gjer det til underhaldande sommarlesnad.

Sommarlesnad (3)

Mjødurtsanking

Eit sikkert teikn på at det er høgsommar på skikkeleg er at mjødurta blømer og fyller lufta med søtleg ange. Eg likar godt å plukke inn nokre stilkar og setje dei i vase, slik at dufta kan spreie seg innandørs òg, sjølv om dei ikkje står seg so veldig lenge. Og i eit forsøk på å utvide opplevinga av planten, tenkte eg i år å hauste inn noko mjødurt og foredle den på ulike måtar.

Mjødurtsanking (1)

Det fyrste eg prøvde meg på var å binde saman nokre stilkar og hengje mjødurtkvasten på ein knagg på veggen, slik at den kunne få lufttørke og bli til te. Etter det eg har forstått, er det sjølve blomen som er best, men i ein te eg har smakt tidlegare var òg bladverket med, so då vart heile planten teken med i denne omgang.

Mjødurtsanking (4)

Det andre – og litt meir omfattande – foredlingstiltaket var å lage mjødurtsaft. På bloggen Hungry Heart kom eg over ei oppskrift som verka lovande, og med god plukkehjelp tok det ikkje lang tid før ein hadde fått samla og reinska (litt meir enn) nok blomeklaser. So vart instruksane følgde, og no står safta til trekking i kjøleskåpet.

Mjødurtsanking (2)

Ein gul iris

Ein gul iris (4)Ein gul iris (2)

For fleire år sidan fann eg ein iris hjå ein av dei lokale gartnarane. Sjølv om det ikkje var nokon knopp å sjå, vart planten kjøpt og planta i hagen til foreldrene mine, for eg hadde ganske lenge ynskt meg ein irisplante. Men det kom aldri nokon blome den sommaren, og det å flytte den til ein annan del av hagen nokre år seinare gjorde heller ikkje noko utslag.

I fjor sommar flytta vi irisplanten ein tredje gong, ettersom vi hadde fått tak i nokre sibiririsar til Birkelandshagen og tenkte det var greit å samle dei på ein og same stad. Men verken eg eller opphavet tenkte vel eigentleg at noko kom til å endre seg med denne fyrstekjøpte. Og kva farge (og namn) som hadde vore på blomen på merkelappen var det ingen som kunne hugse.

Men ein ettermiddag oppdaga eg ei lysegul blomekrone som sto der og skein for seg sjølv, som om ho aldri skulle ha gjort anna.

Bryter Layter (1970)

Om det er ein disig morgon eller ein grå ettermiddag er det få album som høver betre å setje på enn Bryter Layter, Nick Drake si andre plate. Mjuke trommer, klimprande pianotonar og ein mild vokal som ber fram litt underlege tekstar gjer at ein kan få lyst til å bake rundstykke og svinse rundt i forkle og berre føter medan deiga hevar. Eller ein kan bli freista til å opne vindauge og dører på vidt gap slik at tonane kan flyte ut og renne ned over hagen og vatnet.

Kaffikoking

For ein svoren tedrikkar er det riktig so hyggjeleg å få vere observatør til dei mystiske rituala kaffidrikkarane må gjennom for å kunne nyte det svarte brygget dei so gjerne supar i seg. No i veka fekk eg vere vitne til korleis ein går fram når det ein har til rådighet er kokmalen kaffi, ein kaffikjel og ein vedfyrt omn på ein støyl.

Fyrste steg er sjølvsagt å få god fyr i omnen, slik at det friske vatnet frå grova får eit oppkok.

Kaffikoking (1)

Deretter heller ein tilstrekkeleg med kaffipulver opp i vatnet. Kva tid det er nok blir sjølvsagt avgjort ut frå uskrivne reglar som blir nedarva munnleg frå kaffikokar til kaffikokar gjennom generasjonar.

Kaffikoking (2)

Til slutt slyngjer ein kaffikjelen med innhald sju magiske gonger, slik at gruten samlar seg i botnen og ein kan drikke kaffien utan ubehagelege overraskingar.