Vasskringler

Vasskringler (1)Vasskringler (5)

Anten det var gjestebod eller ein heilt vanleg onsdag ettermiddag, var det særleg ein ting eg gledde meg til med å kome innom farmor eller syster hennar. Begge desse damene laga nemleg dei beste vasskringlene i verda. Desse kringlene var fabelaktige med det at dei smakte like godt anten dei var nokre dagar gamle, tekne opp frå frysen eller komne rett ut av bakaromnen.

Etter omstendig leiting i begge sine kokebøker fann eg for ei tid tilbake oppskrifta, og eg har freista å rekonstruere den kulinariske opplevinga eit par gonger. Enn so lenge har eg ikkje lukkast heilt, for ein treng so mykje meir enn berre ei enkel oppskrift. Eg mistenkjer at det vil ta år å finne fram til den rette balansen mellom ingrediensane og ikkje minst å leite seg fram til den rette tjukna og den perfekte steiketida.

Vasskringler (2)

Heldigvis kan eg framleis stikke innom pappa si tante for prøvesmaking og gode råd. Den viktigaste tilbakemeldinga eg har fått so langt er at eg må bruke rikeleg med smør i deiga!

Merknad: Heil oppskrift gjev bortimot seksti kringler, so ein kan med fordel halvere den dersom ein ikkje skal mette so mange. Der igjen er det jo veldig praktisk å lage sopass mykje at ein har litt å fryse ned.

4 tankar på “Vasskringler

  1. Så underbart att du hittat din farmors gamla recept på kringlor och kan föra traditionen vidare! Jag blir glad i hjärtat av att se den gamla handskrivna sidan med snirklig text som rymmer så fina minnen för dig. Hoppas du finner de rätta proportionerna framöver!

    Likar

  2. Det er akkurat den finpussinga av oppskrifter i alle fall eg ikkje tek meg tid til. No for tida får me mykje inspirasjon både her og der, og eg prøver mange nye oppskrifter. Dermed blir eg ikkje veldig dyktig i å laga nokon spesiell rett. Unntak: Fiskegrateng, det er eg flink til! Skal ta vare på oppskrifta di på vasskringler. Cilla.

    Likar

    1. Eg må i grunn seie meg skuldig i det same: Eg lagrar og skriv ned so mange oppskrifter at eg berre so vidt rekk å prøve dei ut før ei anna oppskrift skal testast. Vasskringlene etter farmor er unntaket som bekrefter regelen. Og fiskegrateng er ein av dei rettane eg aldri heilt ser ut til å få skikkeleg til, men som eg so gjerne skulle meistra!

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s