What Green Feels Like

I 2015 kom den britiske musikaren Eaves (Joseph Lyons) med debutplata si What Green Feels Like. Hadde det ikkje vore for at han ikkje eingong er halvvegs til femti, skulle ein nesten tru albumet eigentleg vart til for fleire tiår sidan, og at dei ferdig innspelte songane hadde blitt liggjande i ein lun krok kor dei hadde modna og fått fylde, i tillegg til å ha tørka på seg nokre sprekker og velplasserte skurringar. Men det er alto eit menneske på min eigen alder som har snikra saman denne debuten, og eg er verkeleg imponert.

Lydbiletet er rikt og fullt av nyansar: Ein finn både mjuke, stillferdige songar som «Timber» og tyngre låtar som «Pylons». Og ein del av songane, som «Hom-A-Gum» og «Purge», går frå den eine enden av spekteret til den andre og attende, ispedd nokre instrumentelle krumspring. Det gjer at albumet blir langt frå einsformig, sjølv om det er eit tydeleg slektskap mellom dei enkelte lydspora. Eaves sine tekstar av høg kvalitet og den lune og rå stemma hans bind det heile saman på ein stødig måte som samstundes opnar opp for meir leikande musikalske innslag.

Anbefalast på det varmaste!

Makrellen er komen!

Makrellfiske (1)

Naboane vekslar nokre korte ord og talande nikk, men ellers går det heile nærast lydlaust føre seg: Ein etter ein putrar båtane ut på fjorden, og når ein er komen sånn høveleg utpå blir sluken sluppen ned i sjøvatnet med eit stille «plopp». So held båten fram med å sige vidare over vassflata som berre no og då blir uroa av ein liten aure eller eit svakt vindkast.

Og so høgg det til! Med ivrige rørsler sular ein opp snøret til ein ser det blenkje i ein makrellbuk, og so heisar ein den fyrste fangsten opp i båten. So let ein sluken søkke ned att i fjorden, men den rekk ikkje ein gong kome i djupna før det høgg til på ny. Ein set fiskesnella i rørsle, løftar endå ein grønrygga fisk opp frå sjøvatnet, og rett under vassflata skimtar ein endå fleire. Stimen er rett under båten, og ein slepp ut snøre og dreg opp fisk medan den andre personen har si fulle hyre med å stelle den fisken som kjem siglande gjennom lufta og ned i båten.

Etter kort tid er bytta full nok. Seksten makrellar er ei passeleg mengd å ta med heim, so då vender ein baugen mot brygga og går i land. På vegen går ein kanskje forbi nokre andre som har vore eller skal ut i same ærend som ein, og ein nikkar og smiler lunt til kvarandre. Treng ikkje ord.

Vestvend altan

Når ein har starta i sin fyrste fulltidsjobb og brukar heile dagane inne på eit kontor, er det verkeleg kjærkome med ein altan ein kan setje seg ut på for å nyte nokre varmande solstrålar på ettermiddagen. Eller berre puste frisk luft, dersom skyene er av det tjukke slaget. Om ein i tillegg har ein kopp te og noko lesestoff, er ein i alle høve sikra ei triveleg stund.

Stemningsrapport

For ordens skuld: biletet er frå eit par veker tilbake, i koppen er det billeg (og umåteleg god) jasminte, og boka stadfesta hypotesen min om at Helle Helle ikkje er ein forfattar eg kjem til å lese meir av i overskodeleg framtid.