Sommarens fyrste fisketur

Den fyrste haustdagen i kalendaren syng med stormvindstemma si medan regnet sler takta noko ujamnt. Då kan det høve å ta eit lite blikk bakover i tid!

Ein av dei fyrste dagane kveldane i sommarferien tok eg med meg hunden på rotur på det som nok er favorittvatnet mitt. Etter litt roing (og tilhøyrande rosynging) kom vi fram til ein av dei finaste plassane ved vatnet, kor det er ei lita sandstrand der det er passeleg å gå i land. Rett ved er der ei lita gruskledd strand med nokre tre og gamle stammar som gjev ei kledeleg råme til omgjevnadane.

Skilbreivatnet i juni (1)

Når ein er på tur, høyrer det med å ha med seg termos med noko varmt å drikke. I alle fall gjeld dette når ein har fisketroa med seg og ventar på at ein høveleg stor fisk skal sprette nær land. Turteen over alle er Earl Grey, og det er berre når teen kjem frå termos at eg likar han med sukker i.

Skilbreivatnet i juni (2)

Etter fleire resultatlause kast hogg det endeleg til, men hunden synte større interesse for dei morkna stubbane som stakk opp frå grusen. Men eg fekk rikeleg med merksemd frå den firbeinte då eg drog fram nista.

Skilbreivatnet i juni (3)

Når dei fyrste haustvindane spaknar og vik for dei klåre, vindstille haustdagane, då får vi tru det blir ei ny utflukt av denne typen.