Lesestoff til langdryge dagar

Forkjøling, influensa og anna sjukdom er ikkje ukjende fenomen no om hausten, og av og til blir dei hengjande ved ein litt lenger enn ein skulle ynskje. Når sjukdomsforløpet blir litt vel langt og gjer dagane langdryge, då gjeld det å finne fram dei tinga som gjer timane lettare og trivelegare. Ei god bok eller to, til dømes! Under følgjer ei kjapp liste over nokre av dei tekstane som etter mi erfaring fungerer ypparleg til trøyst og oppmuntring.

  • Forteljingane om Ole Brum: nostalgisk, tilforlateleg og tidvis overraskande skarpt.
  • Tove Jansson sine bøker (både for born og vaksne): fulle av livsvisdom, treffande karakterskildringar og underfundige dialogar.
  • Den lille prinsen: sår, filosofisk og trøystande.
  • Olav H. Hauge sine dikt: observasjonar og refleksjonar som trekk linjer mellom det nære kvardagslivet og tankar på vandring.
  • Sprint: fransk-belgisk teikneserie frå øvste hylle, med triveleg persongalleri og handlingsforløp som byr på både interessante og oppfinnsame vendingar.

2 tankar på “Lesestoff til langdryge dagar

  1. Skreiv ein kommentar, men trur ikkje den vart sendt, så eg prøvar igjen:

    Det var ei litt annleis lesestoff-liste. Likar den! Har sjølv ei Tove Jansson-bok med fine illustrasjonar som er trøystande i kjipe sjukdomstider. Den tek meg tilbake til barndommen og gjer at eg kjenner meg trygg. Teikneseriar er eg òg veldig fan av for tida! Elskar moderne realistiske samtidsteikneseriar så vel som dei etablerte klassikarane.

    Likar

    1. Illustrasjonar er absolutt ein bonus i slike bøker! Og om dei i tillegg gjev den trygge barndomskjensla du skildrar, då er ein godt hjelpte.

      Realistiske samtidsteikneseriar har eg lite erfaring med, har du nokre anbefalingar?

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s