Oppdagingsferd over løynde svaberg

Lauvet som skiftar farge og får fjellsidene til å flamme opp i varme tonar er eit umiskjenneleg trekk ved hausten. Men eg veit om noko anna som gjer nesten like mykje for å lokke fram den nostalgiske, eventyraktige stemninga som følgjer med årstida. For når elvane minkar etter ei tid med godvêr, forandrar elles utilgjengeleg elvebotn seg til tørrlagde, fine elvestrender som er som skapt for å vandre langsmed. Då er det få ting som er finare enn å fare på oppdagingsferd, med augo festa på den framande, nærast hemmelege grunnen som har openberra seg.

Før haustregnet tok til å fylle opp dei halvtome elvefara på nytt, vart det for ei tid sidan høve til å utforske nokre svaberg som om sommaren ligg gøymde under brusande elvemassar, og som verken eg eller opphavet hadde undersøkt før.

oppdgingsferd-6

Medan vi kryssa elveleiet, spegla solfjella og skuggeskogen seg i den nesten stilleståande elva og førte blikka våre mot dei buktande stripene i berget under overflata.

oppdgingsferd-5oppdgingsferd-2

Det tørrlagde svaberget som vi hadde sett oss ut, synte seg å vere eit vakkert landskap av mørke mosesletter og jettegryter fylde av halvslipte elvesteinar.

oppdgingsferd-4oppdgingsferd-3

Og frå tid til anna sigla lauvbåtar forbi føtene våre, opptekne med sine eigne eventyr og reiser – kanskje med havet som endeleg mål i det fjerne?

4 tankar på “Oppdagingsferd over løynde svaberg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s