Tre gode hausttear

Eg hadde store ambisjonar om å snikre saman ein liten haustteguide ut frå teutvalet i skåpet mitt, men so var det brått berre to veker att av hausten. So då får det heller bli som ein liten haustterapport i staden! Her er tre tear som har vore ekstra velsmakande no i denne vakre årstida:

image

«Whisky Tea» frå Whittard of Chelsea. Svart te med røsslyng og whiskeyaroma. Denne teen duftar fyldig og jordaktig malt, og er gjer seg godt i selskap med ei velskriven bok og mjuk varme frå ein ifyrt vedomn. Smaken er ikkje like framtredande som lukta, men er likevel ein mørk – utan å vere særleg bitter.

«Chai vanilje» frå Solberg & Hansen. Svart te med pepar, kardemomme, nellik, ingefær og vaniljearoma. Dette er ein lun og fyldig te som er som skapt for klåre, kalde dagar (kanskje med nysnø i fjella eller i eit tynt lag på tunet?). Nelliken kan gje assosiasjonar til juletidene som ligg der framme og ventar på ein, men den mjuke og meir sesongnøytrale kardemommen hindrar teen i å bli for julete. Vanilje, som etter mitt syn fort kan bli litt kraftig som einaste smakstilsetjing i te, spelar i denne blandinga ei mindre framtredende rolle som kler den riktig so godt.

«Darjeeling» frå Helios*. Svart te dyrka ved foten av Himalayafjella. Etter mine smakslaukar har denne teen ein noko pikant smak som på den eine sida verkar oppkvikkande med eit hint av noko skarpt og røykt, samtidig som den har ein rund og veldig behageleg, underliggjande smak. Høver fint åleine på melankolske haustkveldar i einsemd, eller som ein kontrast til søt bakst i triveleg selskap.

*So langt er Helios sin darjeeling-te ein av dei beste eg har smakt, skjønt eg er uviss på kor vidt dei framleis har denne i sortimentet sitt. Men om du finn ein annan leverandør som har darjeeling, so er denne tetypen generelt verkeleg verdt å prøve ut!

Ein tanke på “Tre gode hausttear

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s