Ein amaryllis og fire tulipanar

Etter å ha stått mørkt og kjølig i høvesvis eit år og eit halvt år, har ein amaryllislauk og fire tulipanlaukar teke til å spire att. No har dei fått nokre dropar vatn og kvar si fine potte, og vonarleg vil dei vekse seg større på sin nye, lysfylde plass. Og om alt går etter planen, vil dei nok ein gong bløme med vakre, raude kronblad.

potteplantar-vaknar-til-liv-3potteplantar-vaknar-til-liv-1potteplantar-vaknar-til-liv-2

Det som er ekstra fint å tenkje på, er at begge desse potteplantane var gåver frå nokre veninner, og eg trur verken dei eller eg hadde rekna med at desse gåvene skulle kunne vere til glede so lang tid i etterkant.

Juleglitter

Medan førjulsvindane bles med stormfulle kast og snøen vonarleg kryp nedover fjellsidene i mørkret, høver det godt å finne fram litt pynt frå julekassa. Desse glitterlekkjene, til dømes, har vore  ein del av juleinventaret so lenge eg kan hugse og lenger enn det. Som regel blir dei danderte over råmene til dei to største bileta i huset, og det er der dei har hamna i år òg. Men før dei kom på plass, kunne ein jo teste om dei kunne gjere nytten som glitterboa? Og eg trur eg konkluderer med at biletråmene kler dei betre enn meg. Med mindre eg vil sjå ut som ein vandrande julebusk, sjølvsagt.

img_2426

Juleførebuingar

juleforebuingar-3juleforebuingar-4No er det berre éi helg att før julehelga, og her i Birkelandshuset er julestressnivået makeleg lågt. Heller enn å tenkje med uro på alt som enno ikkje er gjort, ser eg fram til dei siste førebuingane med mjuk forvetning. Eg gler meg til å finne fram kassa med den gamle julepynten og finne ut kor eg skal plassere ut innhaldet, og det skal bli fint å få pakka inn dei siste julegåvene. I år skal eg i tillegg gjere ein innsats for å setje meg inn i tal og detaljar knytt til sukkerølbryggjinga – det blir spennande!

Dessutan er nok stresset sopass fråverande fordi ein del av dei aller mest essensielle juleførebuingane er gjorde: Julepølsene ligg klare i frysen etter ei ganske vellukka opplæring frå opphavet, tre julekakesorter er komne på boks, og litt julepynt har blitt laga av gamalt gåvepapir og gamle julestoff. Og om no ikkje alt det andre som skal/bør/kan gjerast skulle bli gjort, so kjem heldigvis kyrkjeklokkene til å ringje inn jula klokka fem på julaftan, nett som alle andre år.

Låg sol

img_5755-2frostvandring-3img_5737-2frostvandring-1Frå ein ettermiddagstur i november, etter at frosten hadde vandra over myrane og kledd alt i bleike krystallar. Somme stader hadde sola klart å smelte isen vekk frå strå og lyng, men det var òg mange stader kor dei svakt varmande strålane ikkje slapp til. Bak stubbar, mellom tuer og innunder steinar knasa og klirra det fint medan ein gjekk gjennom landskapet, og ovanifrå kom eit og anna kvitter frå både einslege fuglar innimellom greinene og ein og annan småfuglflokk som teikna seg som silhuettar mot himmelen.