Rypevottar

rypevottar

Våte, mørke vinterkveldar kan fort bli litt lange. Men når ein har noko triveleg å sysle med, gløymer ein heilt av at ein eigentleg ynskjer seg ein stjerneklår kveldshimmel som får nødekte fjellsider til å skine, og kulde som får isen til å vekse mellom kvar gong ein kikar ned på vatnet.

Den siste veka har dei døkke timane gått med til å lære seg å spøte vottar. Og når ein fyrst skal prøve noko nytt, so kan ein jo gjere det litt ekstra utfordrande ved å til dømes velje ein vott med mønster?

Desse rypevottane fann eg i Den store votteboka av Jorid Linvik. Sidan vottane etter oppskrifta ville blitt litt for lange for hendene mine, korta eg ned mønsteret noko. I staden for å strikke tre rekkjer med ryper, la eg inn eit ekstra hjarte i avfellingsspissen. Eg brukte dessutan pinne nr. 2 1/2 med garnet Baby Panda frå Rauma (farge 28 og 10), noko som i seg sjølv gav litt mindre vottar enn dei i boka. Eg valde òg å strikke eit lenger brot i vrangbord i staden for å lage dei mønstrete mansjettane som Linvik sine rypevottar var pryda med.

Eg mistenkjer at dette votteparet er det fyrste av mange. Og når eg blir lei av rypemønsteret, so er det jo eit vell av andre votteoppskrifter ein kan prøve seg på!

Vinterstøyl

Den siste kvelden før storebror fór ned att til Danmark, tok vi alle på oss ullklede og pakka med ei lammesteik for å ta ein tur på støylen. Den elektriske omnen hadde stått på sidan kvelden før, men det fyrste vi gjorde var naturlegvis å setje i gong med vedfyringa.

img_6254-2

For å gjere rommet endå lunare, kveikte vi nokre stearinlys her og der. Det eine lyset fekk skine på røsslyngbuketten frå i sommar, som sto om lag like fin som då han var nyplukka.

img_6265-2

Gamle Donald-blad er obligatorisk lektyre på støylen. Særleg er det dei klassiske Don Rosa- og Carl Barks-historiene som passar ekstra godt med den dempa belysninga og lukta av elda tømmer.

img_6248-2

På veg heim freista eg å ta bilete av hjortane som kryssa vegen (til saman såg vi fem dyr), men eg laut nøye meg med å fotografere dei nakne trea og buskene som fekk ein stemningsfull utsjånad i lyset frå billyktene.

img_6272

Med andre ord går det veldig fint å bruke støylsselet vinterstid òg! Ein lyt berre sjå til at ein har nok klede og ved og mat til å halde seg varme.

(n. one who has returned, as if from the dead.)

img_6348-2img_6352-2Nyttårsaftan tjuvstarta eg leseåret 2017 med å lese dei fyrste sidene av The Revenant av Michael Punke, og allereie etter det innleiiande kapittelet vart det klart at dette kom til å bli ei engasjerande lesaroppleving.

Utan å røpe særleg meir enn at boka handlar om ein mann som søkjer hemn etter å ha blitt etterlatt for å døy, vil eg rose Punke for å ha sett saman ei veldig fascinerande og uforutsigbar historie. Vidare manar skildringane i romanen fram veldige landskap – både i den nordamerikanske naturen og i sjølve mennesket – utan å bruke unødig mange ord og alt for tydeleg forseggjorte vendingar. Prosaen er vakker, tidvis elegant og på grensa til var og poetisk, men den held seg heile tida uanstrengt. Og eg trur det er noko av hovudgrunnen til at den er sopass kraftfull som den er. Forteljaren røper aldri for mykje, berre akkurat nok til å halde på spenninga, men tviheld ikkje på informasjonen ein som lesar ynskjer å få vite.

Høver veldig godt til mørke vinterettermiddagar og -kveldar, der alt du skimtar der ute er snøfnugga som blir synlege i lyset frå stova.

Brosjesamling

Frå eg var ganske lita, har eg hatt ei lita samling brosjer som eg anten har arva eller på anna vis fått i gåve. Etter ei ganske gjennomgåande opprydding og gjennomgåing av skåp og skrin i gamle hus, har samlinga auka merkbart i omfang (ei lita opptelling avslører at talet på brosjer og nåler no er oppe i 12), og eg får meir og meir sansen for denne typen smykke.

brosjesamling-4

Eg har lenge hatt ein fascinasjon for det kunstneriske mangfaldet som finst i samlinga. Det som er særskilt interessant er korleis smykkeskaparane har teke utgangspunkt i fleire ulike material og med varierande metodar gjeve smykka ulik form. Kvar brosje er eit aldri so lite kunstverk med sine eigne særtrekk!

brosjesamling-2

Trass i at eg alltid har vore gild av dei pene smykka, har dei sjeldan sett dagslys anna enn når eg har teke dei fram for å beundre synet av dei for meg sjølv. Men i fjor vår slo det meg for alvor at det var so alt for gale å late dei liggje skjult for omverda. Var dei ikkje skapte for å spreie glede og venleik, kanskje? Og kva var vitsen med å samle når ein ikkje kunne bruke? Sidan då har eg prøvd å finne gode måtar å bruke brosjene. Eg er framleis i utprøvingsfasen, men tek til å få ein vane med å kike oppi brosjeskrinet før eg seier meg heilt ferdig med dagens påkledning.

 

Sov du vesle spire

sov-du-vesle-spire-3sov-du-vesle-spire-2

Det er fyrste januar, fyrste dagen i det nye året, og våren er allereie utolmodig etter å få breie seg ut. Og det før vinteren i det heile teke er komen skikkeleg til! Den blømande ripsen har sett lauvverket i knopp, krokusane strekkjer seg fem centimeter over bakken og seljetrea tek til å bli kvitprikkete av gåsungar. Skyene har i løpet av dagen prøvd å kome vinteren til unnsetning ved å late byger av lette snøfnugg dale no og då, men den varme jorda har smelta eit kvart forsøk på beleiring.

sov-du-vesle-spire-4

Men no i kveldinga kom snøfallet tettare, og kanskje vil nedbøren og nattekulden syngje voggesongar som lokkar dei ivrige vekstane i søvn? Kanskje høyrest det ut som Topelius sin vakre voggesong, dersom ein høyrer godt nok etter?

Sov, du vesle spire ung,
ennå er det vinter,
ennå sover bjørk og lyng,
roser, hyasinter.
Ennå er det langt til vår,
langt til rogn i blomstring står.
Sov du vesle spire,
ennå er det vinter.

Eg vonar i alle fall at spirene og knoppane blir berga frå berrfrost, slik at dei kan gjere nytta si og glede når verda for øvrig er klar til å ta imot våren på skikkeleg vis.