Brosjesamling

Frå eg var ganske lita, har eg hatt ei lita samling brosjer som eg anten har arva eller på anna vis fått i gåve. Etter ei ganske gjennomgåande opprydding og gjennomgåing av skåp og skrin i gamle hus, har samlinga auka merkbart i omfang (ei lita opptelling avslører at talet på brosjer og nåler no er oppe i 12), og eg får meir og meir sansen for denne typen smykke.

brosjesamling-4

Eg har lenge hatt ein fascinasjon for det kunstneriske mangfaldet som finst i samlinga. Det som er særskilt interessant er korleis smykkeskaparane har teke utgangspunkt i fleire ulike material og med varierande metodar gjeve smykka ulik form. Kvar brosje er eit aldri so lite kunstverk med sine eigne særtrekk!

brosjesamling-2

Trass i at eg alltid har vore gild av dei pene smykka, har dei sjeldan sett dagslys anna enn når eg har teke dei fram for å beundre synet av dei for meg sjølv. Men i fjor vår slo det meg for alvor at det var so alt for gale å late dei liggje skjult for omverda. Var dei ikkje skapte for å spreie glede og venleik, kanskje? Og kva var vitsen med å samle når ein ikkje kunne bruke? Sidan då har eg prøvd å finne gode måtar å bruke brosjene. Eg er framleis i utprøvingsfasen, men tek til å få ein vane med å kike oppi brosjeskrinet før eg seier meg heilt ferdig med dagens påkledning.

 

2 tankar på “Brosjesamling

    1. Takk! Og no vart eg nyfiken på korleis di eine brosje ser ut, altso!

      Det er i grunn sjeldan eg ser at folk brukar brosjer – kanskje det har noko med at mange av kleda som blir laga for tida ikkje legg til rette for den typen smykke?

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s