(n. one who has returned, as if from the dead.)

img_6348-2img_6352-2Nyttårsaftan tjuvstarta eg leseåret 2017 med å lese dei fyrste sidene av The Revenant av Michael Punke, og allereie etter det innleiiande kapittelet vart det klart at dette kom til å bli ei engasjerande lesaroppleving.

Utan å røpe særleg meir enn at boka handlar om ein mann som søkjer hemn etter å ha blitt etterlatt for å døy, vil eg rose Punke for å ha sett saman ei veldig fascinerande og uforutsigbar historie. Vidare manar skildringane i romanen fram veldige landskap – både i den nordamerikanske naturen og i sjølve mennesket – utan å bruke unødig mange ord og alt for tydeleg forseggjorte vendingar. Prosaen er vakker, tidvis elegant og på grensa til var og poetisk, men den held seg heile tida uanstrengt. Og eg trur det er noko av hovudgrunnen til at den er sopass kraftfull som den er. Forteljaren røper aldri for mykje, berre akkurat nok til å halde på spenninga, men tviheld ikkje på informasjonen ein som lesar ynskjer å få vite.

Høver veldig godt til mørke vinterettermiddagar og -kveldar, der alt du skimtar der ute er snøfnugga som blir synlege i lyset frå stova.

2 tankar på “(n. one who has returned, as if from the dead.)

  1. Gode bøker, altså! Den fyrste eg las i år var Hjorth si bok «Arv og miljø», og sjølv om ho kanskje ikkje er min favorittforfattar, skjønner eg kvifor boka blei ein snakkis i fjor. I dag blei eg ferdig med den siste krimboka til Kepler («Kaninjegeren») og er så vidt i gong med «Anne fra Bjørkely». Gleder meg til å (forhåpentleg) fortsetje med mange gode bøker og mykje lesing gjennom 2017 🙂

    Likar

    1. Det vil eg kalle ein veldig solid start på leseåret! Eg har berre so vidt teke til på mi andre bok for året (Fosnes Hansen sitt nyaste verk), og eg mistenkjer at eg vi halde på med den ei god stund framover.

      Eg har snubla over den boktittelen av Hjorth ved fleire høve det siste månadane, men eg har aldri undersøkt ho nærare og funne ut om eg skal lese ho eller ikkje. Ein av grunnane til at eg ikkje har kasta meg over boka er nok at eg tykkjer tittelen i grunn er særs lite tiltalande. Eg har òg eit vagt minne av at eg prøvde å lese ein annan roman av henne ein gong, og at det tok ikkje lang tid før eg la den frå meg. Eg hugsar ikkje heilt kvifor. Men eg meiner å hugse at eg konkluderte med at det ikkje var Hjort sin forfattarskap eg skulle prioritere framover. Men ein gong finn eg kanskje ut at eg skal prøve til att.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s