Her i området er det ikkje mange lopper å finne til vanleg, men då er det jo ekstra kjekt med den årvisse loppemarknaden på Sandanedagane som var no i helga. Dette året kom eg på marknaden med ei veldig lita handleliste, og gjekk der i frå med ein god del fleire ting enn eg hadde tenkt. Akkurat som det pleier! Likevel vart den totale summen lågare enn om eg skulle kjøpt det eg var ute etter i ein butikk. Tenk det!
Det fyrste og einaste punktet på lista mi var «bomullsstoff». I løpet av det siste året, har eg nemleg hatt litt meir fokus på lappeteknikk som hobby, og eg har funne ut at det er ekstra kjekt å sy dersom ein brukar gamle stoff. Einslege gardinkapper og umake bordbrikker og serviettar, til dømes, kan soleis få eit nytt liv.
På borda med tekstillopper, fann eg òg denne duken med tre sjarmerande damer, og eg kunne ikkje late dei vere att. Enn so lenge er planen å finne ei råme til dei, slik at motivet verkeleg får kome til sin rett.

Sjølv om det minkar uhyggjeleg raskt på den ledige bokhylleplassen i huset, laut eg ein snartur innom bokteltet. Der var eg heldig og fann ei utgåve av ei barnebok eg har ynskt å ha i hylla heilt sidan eg vart klar over at nokon hadde skrive den.

Borda med keramikk, porselen og glas gjekk eg i grunn raskt forbi, men desse to gjenstandane klarte å fange merksemda mi sjølv om eg eigentleg hadde festa blikket veldig målretta mot det som låg bakom. Frå eg gjekk inn på loppemarknaden til eg hadde kjøpt Mummi-fatet, gjekk det i underkant av eit halvt minutt. Fatet med lomen fann eg ein halv meter frå utgangen.
