Fjell i kopar

Førre helg skein sola, og fjellet lokka med lyng og myrgras som gløda som raud kopar.

Gjengedalsmarka i september 17 (2)

Dagens mål var ei lita tjørn som vi hadde passert på ein tur tidlegare i haust. Det hadde sett so fortryllande ut der det blenkte og spegla himmelen at vi laut ta ein tur attåt det.

Gjengedalsmarka i september 17 (3)

Under vatn og i lufta like ved sømde vasskryp og surra augestikkarar. Ute på tjørna flaut ein kvit fivreld, men det såg mest ut som om han glei i lause lufta, ettersom sola lyste opp tjørnbotnen.

Gjengedalsmarka i september 17 (4)

Ein liten bergingsoperasjon vart sett i verk, men denne fykaren hadde nådd siste fase av livsløpet. Vengjene var tynne og gjennomskinlege, og på vassflata flaut blakrande skjel som ein gong hadde vore festa til den spede vengjeflata.

Gjengedalsmarka i september 17 (5)

Med eit snev av vemod vart fivrelden sett ned at på vasspegelen, men den mjukt solvarme lufta la seg etter kvart omkring ein og gjorde godt i hjartet.

Gjengedalsmarka i september 17 (1)

Svaler på flyttefot

Ein morgon no nyleg, var det slikt eit merkeleg leven utanfor huset. Det var eit kor av trillande, rullande lydar som gjekk over i kvarandre, tona ned og tok til att. Eg måtte smile då eg gjekk ut på altanen for å undersøkje: det var svalene som var på flyttefot. Medan mange framleis hasta til og frå mellom vatn og tre, sat flesteparten som perler på ei snor og pludra. Den bleike skodda som låg rundt bygdesentrumet den dagen vart eit stemningsfullt bakteppe for den beskjedne, lykksalige flokken som heldt morgonkonsert.

Svaler

Karen Davis

Til tider resulterer verdsvevvandringar i uventa ting, og ein hende gong er dette uventa noko ubeskriveleg vakkert. Då eg for ei tid tilbake oppdaga måleria til kunstnaren og illustratøren Karen Davis, verkte det litt i hjartet av berre glede! Fargane, komposisjonane og den drøymande stemninga trollbatt meg totalt, og det gjekk ikkje lang tid før eg hadde bestemt meg for kva som skulle bli årets gebursdagsgåve til meg sjølv.

Og då sendinga kom i postkassa, kven var det som gløymde det der med at det skulle vere gebursdagsgåve? Jau, eg kom ikkje på det før eg hadde opna konvolutten. Men med noko so fint i pakken, lyt det vere lov å gløyme seg litt.

Karen Davis (2)Karen Davis (1)Karen Davis (4)

Om du har litt tid til overs, kan eg verkeleg anbefale å stikke innom heimesida eller etsy-butikken hennar.

Matauk

Ein av grunnane til at hausten er mi favorittårstid, er nettopp haustinga. Etter å ha brukt sommaren på å modne og samle smak, er frukter og sopp klare for å plukkast i korger og spann for å foredlast (eller nytast der og då!).

No fyrst i september er dei fyrste prins-epla i hagen klare til å plukkast ned, potetene har teke til å få god storleik og dei lysegrøne epla (som vi ikkje veit namnet på) kan enkelt ristast ned frå greinene. Og alt dette kan ein samle inn på tjue minutt!Haust frå hage og skog (9)Haust frå hage og skog (3)Haust frå hage og skog (4)Haust frå hage og skog (8)

Skogen byr på litt andre råvarer. Dersom ein er heldig, finn ein nok kantarell til ei koking med suppe, og med den bleike piggsoppen kan ein lage soppstuing som høver til hjortebiff og dei heimavla potetene. Dersom ein er tolmodige og veit kor ein skal gå, kan ein dessutan finne litervis med tytebær – der er mamma eksperten og meisterplukkaren!Haust frå hage og skog (5)Haust frå hage og skog (6)Haust frå hage og skog (7)

Rype, regnboge og rømask

Det hender det kjem dagar kor ein ikkje heilt veit kva ein skal finne på. I mangel på noko betre å gjere, finn ein ut at ein like so gjerne kan ta seg ein tur i terrenget utan noko særskilt mål. Berre rusle opp til du kjenner det er passeleg, bruke kroppen litt og puste. Og so endar det med å bli ein av dei dagane som prentar seg inn i minnet som ein av dei dagane med fullkomen ro og glede.

Rype, regnboge og rømask (2)

I ein alder av treogtjue fekk eg endeleg sett mi fyrste rype! Ho fauk opp om lag tre meter frå meg, og eg rakk akkurat og slengje opp kameraet før ho forsvann mellom kvistar og lauv.

Rype, regnboge og rømask 12Rype, regnboge og rømask (1)

Då ei av bygene med duskregn hadde fare forbi oss, fekk vi sjå ein aldri so liten regnboge over fjelltoppane.

Rype, regnboge og rømask (12)Rype, regnboge og rømask (4)

Men det tok ikkje lang tid før dropane drypla att, akkurat nok til å lage ringar i dei små myrdammane.

Rype, regnboge og rømask (9)

Etter kvart synte gjerde og grinder at vi var komne ned att til støylen, og vi tenkte at turen var slutt for denne gong.

Rype, regnboge og rømask (10)

Men der tok vi feil! Då vi tok ein snarveg over ei støylskvie for ikkje å uroe kyrne som stod på vegen og venta på å bli mjølka, vart vi vinka bort til eit sel. Det tok ikkje lang tid før rømask, sukker og flatbrød stod på bordet, og det vart ikkje naudsynt å tenkje på noko meir mat den kvelden.

Rype, regnboge og rømask (11)