Kakehola

Somme haustdagar gjer ein alt ein kan for å dryge utetida, fordi lyset og lufta og stemninga er sånn akkurat passe til uteaktivitetar for dei som har kledd seg i varme lag med ull. Ein aldri so liten ekspedisjon i robåt er eit døme på ein god måte ein kan nytte haustdagen på.

Kakehola (8)

Om lag fem minutt etter at ferda var starta, gjekk vi (min bror og eg) denne gongen i land ved eit landemerke som blir kalla Kakehola. Sidan opphavet var born, har det rasa ein del stein som gjer at denne hola ikkje lenger går an å krype inn i, men litt ovanfor er der ei anna lita hole som er fin å sitje i.

Kakehola (7)

Som høveleg var, hadde vi dessutan med oss kvart vårt kakestykke. Og då gjer det ikkje so mykje om mosen og bregnene er våte og dryp på ein.

Kakehola (1)

Nedanfor matplassen, låg trebåten og vogga roleg ved den naturlege hamna vi fann. Vatnet var so klårt og vassflata so blank at ein kunne sjå både botn og himmel samstundes.

Kakehola (4)

Då kaka var oppeten og vi var komne ut i båten att, fekk vi utsyn mot ein raudnande kveldshimmel.

Kakehola (6)

Over oss fauk kråkene, på veg til kråketing, og vi rakk akkurat heim før det mørkna.

Kakehola (5)

Nynorsk 60-talslitteratur

Leselysta, som har vore på ferie i fleire veker, kom endeleg attende i helga som var. Utan å tenkje over det, vart det til at eg plukka ut og las to bøker som har det til felles at dei er utgjevne på 60-talet, er skrivne på nynorsk og er skrivne av forfattarar som har skrive mykje fælt (i tydinga veldig gode bøker).

Den fyrste boka eg tok tak i var Tarjei Vesaas sin roman Bruene (1966). Her møter vi to attenåringar som har vakse opp saman og som aldri har lengta etter andre enn kvarandre, til foreldra si store glede. Men i løpet av boka og etter eit ubehageleg funn i skogen, oppdagar dei at bandet mellom dei kanskje ikkje er so uforanderleg som det har sett ut til.

image

Den andre boka eg las er skrive av ein sambygding – og det er jo litt ekstra stas! Knut Gjengedal skreiv trasige vaksenbøker og litt meir lettlynte barnebøker. Mine fjell og mine dalar (1961) høyrer til sistnemnde kategori. Ved å følgje to gutar frå dei er ti til dei er tretten, får vi høyre om korleis hovudkålen kom til ein avsidesliggjande dal i 1910 og om korleis det var å feriere høgt til fjells fyrst i førre hundreår. Dette var mi fyrste Gjengedal-bok, men det blir ikkje den siste.

image

Begge bøkene var fin haustlesnad og kan anbefalast dersom du er nyfiken på nynorsk litteratur frå 1960-talet, eller om du tykkjer bygde-Noreg på midten av 1900-talet er ei interessant tid å lese om.

Bjørnebærhausting

I hagen til opphavet vart det i fjor planta ein bjørnebærplante. Den har gjeve nokre skikkeleg velsmakande frukter so langt, men for å spe på litt, tok eg meg ein tur bort i nokre viltveksande bjørnebærkratt. Det var ikkje mykje å finne, då regnet hadde fore hardt med dei, men i solskinet gløda dei som juvelar. So då fekk det heller våge seg om dei var noko beiske og ikkje var so talrike som ein kanskje hadde håpa på.Bjørnebær (1)Bjørnebær (3)Bjørnebær (2)

Langs stranda

Etter ein sommar med høg vassføring og ein haust med ein del vind, kan det ha blitt skylt i land mykje spennande på strendene rundt om. Når vasstanden so senkar seg, fører det til ypparlege forhold for slike som likar å traske med blikket mot bakken og leite etter vakkert rusk.Etter kraftig vind (1)

Når forholda er gode, tek det som regel ikkje lang tid å fylle famnen med reinvaska, avborka kjeppar – og kanskje til og med ei lita fjøl.

Etter kraftig vind (3)

Tre er det vakraste materialet eg veit om, trur eg, og det blir ekstra tiltalande når bølgjer og steinar har arbeidd med det. Eg får alltid so lyst til å setje trestykka saman og lage noko utav det, finne ein måte å vise det fram på. Og det er ikkje sikkert det skal meir til enn å leggje dei på rekkje etter lengd og ta eit bilete av det, før ein har fått eit lite kunstverk.

Etter kraftig vind (2)

Og om det no skulle bli slik at ein berre samlar og samlar utan å få brukt rekveden til noko, so er det ikkje verre enn at dei kan leggjast i omnen og bli til god varme i ei vinterkald stove.

Tunmus

I dét eg løfta eine beinet opp for å setje foten på det fyrste trappetrinnet opp til inngangsdøra, pilte ein brun dott forbi rett under meg. Litt betutta vart eg ståande og lure. Var det eit visna haustlauv som fór forbi, trass vindstilla? Hadde eg i farten sparka borti ein tørr mosedott? Etter kunne det kanskje vere noko med runde øyre, rosa hale og svarte perleauge? Ja visst, det var ei lita mus!

Etter den nokonlunde uvanlege veremåten å døme, var det nok ei ungmus – ho klarte liksom ikkje bestemme seg for kva som var lurast å gjere i denne situasjonen. Etter å ha sete i ro lenge nok til at eg kunne ta nokre bilete av henne, fann likevel den vesle tunmusa ut at det beste nok var å springe derifrå i full fart.

Husmus (1)Husmus (2)