Etter ein sommar med høg vassføring og ein haust med ein del vind, kan det ha blitt skylt i land mykje spennande på strendene rundt om. Når vasstanden so senkar seg, fører det til ypparlege forhold for slike som likar å traske med blikket mot bakken og leite etter vakkert rusk.
Når forholda er gode, tek det som regel ikkje lang tid å fylle famnen med reinvaska, avborka kjeppar – og kanskje til og med ei lita fjøl.
Tre er det vakraste materialet eg veit om, trur eg, og det blir ekstra tiltalande når bølgjer og steinar har arbeidd med det. Eg får alltid so lyst til å setje trestykka saman og lage noko utav det, finne ein måte å vise det fram på. Og det er ikkje sikkert det skal meir til enn å leggje dei på rekkje etter lengd og ta eit bilete av det, før ein har fått eit lite kunstverk.
Og om det no skulle bli slik at ein berre samlar og samlar utan å få brukt rekveden til noko, so er det ikkje verre enn at dei kan leggjast i omnen og bli til god varme i ei vinterkald stove.