I hagen til opphavet vart det i fjor planta ein bjørnebærplante. Den har gjeve nokre skikkeleg velsmakande frukter so langt, men for å spe på litt, tok eg meg ein tur bort i nokre viltveksande bjørnebærkratt. Det var ikkje mykje å finne, då regnet hadde fore hardt med dei, men i solskinet gløda dei som juvelar. So då fekk det heller våge seg om dei var noko beiske og ikkje var so talrike som ein kanskje hadde håpa på.