Månad: november 2017
I siste liten?
I år vart vårlaukane tinga inn i god tid, slik at utplantinga ikkje skulle bli so sein som i fjor. I førre veke var brått snøen halvvegs nede i fjellsidene, og då kom eg på kva det var eg hadde gløymt å gjere tidleg i oktober.
Ved fyrste fineversdag med mildt drag fekk eg med meg forsterkingar og tok til på arbeidet med å setje krokusar. Grunna tidleg kvelding laut eg vente med tulipanane og anemonene, men kryssar fingrane for ein høveleg setjedag til veka.