I romjula fekk nokon ein god idé, og på veslenyårsaftan fekk eg slå følgje med bror min og ein grannje då dei skulle ut i skogen for å tenne bål og lage skikkeleg julesetmning i villmarka.
For å nå fram til den enno uvisse leirstaden, laut vi av stad før mørkret gjorde seg gjeldande. Landskapet var akkurat slik ein ynskjer det skal vere i romjula, med snøtyngde tre og sterk skare under den øvste laget med snø. Og enn so lenge, trur eg bileta skal få tale for seg.