Årets sparketur

At isen legg seg på Skilbreivatnet og blir sterk nok til å gå på, skjer so godt som kvart år. Likevel er det ikkje alltid ein får høve til å bruke spark og skeiser. Denne vinteren har det vore skiftande temperatur og ein del nedbør av ulikt slag, noko som har gjort til at isen ikkje har vore særleg eigna til lange utflukter. Men før det ustadige vêret sette inn for nokre veker sidan, vart det ein skikkeleg sparketur på glatt føre.

Innimellom skybankane var himmelen klår og vinterblå, og rundt vatnet kom konturane av tre og hamrar ekstra tydeleg fram.

Skilbreiisen18 (2)Skilbreiisen18 (3)

Hadde vi hatt lastebil, kunne vi fint ha brukt den til å kome oss innove vatnet – men då hadde ikkje opplevinga vore like flott.

Skilbreiisen18 (1)

Vi var langt frå dei einaste som nyttegjorde oss av isen. Både reven og oteren hadde våga seg utpå.

Skilbreiisen18 (5)Skilbreiisen18 (7)

Isen gjev ei ekstra kjensle av fridom, ettersom ein kan rusle stader kor ein om sommaren ikkje kjem til med mindre ein har båt. Som innunder dette berget, til dømes.

Skilbreiisen18 (8)

Isen var ikkje berre under føtene våre. Langs land kunne ein fleire stader sjå store og små istappar og juklar som velta from over bergkantar og steinar.

Skilbreiisen18 (9)Skilbreiisen18 (10)

Og sparkane tok seg veldig godt ut under ein av desse iskledde småhamrane.

Skilbreiisen18 (11)

Bruktfunn frå sør

Allereie den andre veka i 2018 var det klart for årets fyrste reise, då min storebror skulle disputere etter tre års arbeid med doktorgradsavhandlinga si. Då storhendinga var overstått med upåklagelege resultat, vart det høve til å rusle litt i butikkar i Odense før toget, og seinare flyet, skulle føre oss attende til heimlandet.

I ein triveleg liten butikk som opna rett etter at vi var komne til døra, fann eg desse skattane som fekk vere med heim att: Ei handbok om mineral (som faktisk var veldig oversiktleg og lettfatteleg skriven!) og eit serveringsbrett til egg. No må eg berre lære meg å lage fylde egg, so kan eg setje dei på bordet med stil i neste gjestebod.

Danmarksfangst (1)Danmarksfangst (2)Danmarksfangst (3)