Skattejakt på fjære sjø

Planen var eigentleg å berre ta ein kjapp luftetur før middag. So oppdaga vi (bror min og eg) at det var fjære sjø. Då gjekk det fort ein time og vel so det, ute i vårsola.

Skattejakt på fjære sjø (1)

Allereie før vi hadde teke til på den skikkelege utforskinga av strandkanten, fann vi dagens fyrste skatt. Brot frå keramikkisolatorar er ikkje uvanleg å finne, men blømande porselen er heller sjeldan. Faktisk har eg aldri funne det i denne fjæra før. Skattejakta var allereie gått over all forventning!

Skattejakt på fjære sjø (2)

Heldigvis hadde vi teke på oss støvlar, og etter kvart tok vi til å søkje ut i sjøvatnet, der solstrålane dansa. Der var flust av strandsniglar og ei lang tid var det alt som var å finne av skaldyr.

Skattejakt på fjære sjø (4)

Det som kan likne på eit halvt harpeskjel kunne òg hentast opp frå grusen. Sjølv om det såg blast ut i handa, vart det verkeleg fargesprakande når ein heldt det opp mot sola.

Skattejakt på fjære sjø (3)

Sandskjell var ein annan muslingtype som låg strødd utover sandbotnen, men dei fleste var brotne eller delvis dekte av algar. Etter ein kjapp inspeksjon, fekk dei liggje i fred.

Skattejakt på fjære sjø (5)

Midt blant alle dei ovale formene, låg det noko vi aldri hadde sett i fjorden vår før. Funnet av tårnsnigelskalet førte til stor åtgaum!

Skattejakt på fjære sjø (6)

Elles var det mykje som var fint å berre sjå på òg. Vi såg fleire sjøstjerner, både levande og daude – og ei som var i ferd med å gro ut to nye armar. Innimellom kunne vi òg observere småfisk og reker. Dessutan trakka eg nesten på ei lita flyndre, men ho for so raskt at eg ikkje fekk teke bilete av ho.

Skattejakt på fjære sjø (7)Skattejakt på fjære sjø (8)

Eit gamalt glasbrot og ein uidentifiserbar metallsak vart òg fiska opp frå fjorden. Alt i alt vart det ei særs vellukka skattejakt som veg opp for alle dei gongane ein lyt gå tomhendte heimatt.

Skattejakt på fjære sjø (9)

Hjorteforing

Seinvinteren har vore seig og streng. Bekkar og oppkomer har frose til, samstundes som mat og ly er vanskeleg å finne for dei firbeinte ute i skogen. I slike tider er det spesielt trasig å høyre ramneskrik i liene. Men heldigvis finst det ting ein kan gjere for å mildne forholda til hjorten.

På tunet hjå opphavet står det til dømes ein gamal alm som høver ypparleg som fôr til drøvtyggarane som ruslar rundt tunet. Det tok ikkje lang tid for far min og motorsaga å kappe av ei solid ladning greiner. Mor mi og eg drog dei ut på bøen, der det allereie låg ein alm som opphavet hadde saga ned tidlegare i veka.

IMG_1515IMG_1513

Dei epla mor mi plukka frå hagen i haust, men ikkje fekk nytta, vart dessutan nokre ekstra gode munnfullar.

IMG_1514 (2)

Og hjorten sette stor pris på maten.

IMG_1506 (2)

Lappeteppet

Lappeteppet (4)Hausten 2016 kom tanken om eit lappeteppe dalande ned i hovudet mitt, og eg laga mi fyrste skikkelege lappeteknikkskisse (dei blokkene eg sydde for fleire år sida var alltid spontane og vart aldri noko meir enn einslege einingar). I tida som er gått sidan då, har eg no og då putla med å skjere og sy saman stoffbitar til stadig større lappar og blokker – og til slutt eit heilt teppe. Etter nesten eit år, vart endeleg mitt fyrste skikkelege lappeteppe ferdig. Og no, fire månadar seinare, har eg fått summa meg til å ta nokre nokre bilete av teppet i det bleike vinterlyset.

Litt av planen med lappeteppet var å få brukt opp noko av dei stoffa eg i løpet av drøye ti år hadde samla opp utan ein tydeleg plan. Ironisk nok måtte eg kjøpe inn fleire nye stoff for å få ting til å gå saman, so no er stofflageret endå større enn før. Men kanskje det ikkje er so gale, sidan lappesyinga gav meirsmak og nye prosjekt allereie er i ferd med å ta form i hovudet, på papiret og under symaskinnåla.

Lappeteppet (10)Lappeteppet (11)Lappeteppet (3)