Dei nye pallekarmane skulle beisast, og det var akkurat litt for kjølig til ikkje å ha tjukkegensar på. Men tjukkegensaren var jo alt for fin til å søle beis på, og ingen av arbeidsskjortene gjekk att med tjukkegensar under. Heldigvis hang farfar sin gamle frakk i kjellaren. Det var den frakken han hadde på seg på jobb då han var bussjåfør. Frakken er litt revna i saumane og har umake knappar, men eg må seie eg følte meg skikkeleg flott i den!
Som ein bonus, låg der framleis ei rekning med farfar sin signatur i høgre frakkelomme. Den 18. januar 1991, dagen før storesystra mi vart fødd, betalte han for partering av ein gris. Mest truleg ein av dei to grisene storebror min hugsar frå då han var liten. Farmor og farfar brukte å fore opp to griser: ein som dei hadde sjølve og ein som dei selde for å betale for foret til dyra. Praktisk!