Rognedurr

Rognen har framleis sevje under borken, slik at det går an å lage instrument med kvistane. For dei som har tolmodet og teknikken, er rognefløyter ein fin ting å lage, men den enklare durren er heller ikkje å forakte.

Rognedurr (2)

Durren er laga av borken frå ein tynn rognekvist, skild frå trevirket med nokre snitt og litt banking. So lagar ein eit lite munnstykke, legg den på tunga og bles til. Kvar durr gjev frå seg éin tone, men om ein lagar fleire kan ein lage melodiar. Eller so kan ein blåse i fleire samstundes slik at ein får ein heil akkord – eller i alle fall noko som liknar.

Rognedurr (1)

Leigebuarar i lada

For andre året på rad, har eit kattuglepar laga reir i lada på garden der eg vaks opp. No har ungane forlate reiret, men dei er framleis innomhus medan foreldra er ein stad i skogen og leitar etter mat. Og når dei vaksne er ute, er det fint å ta seg ein tur opp og sjå om ein får auge på dei. So langt har vi møtt to av ungane, som på dette stadiet liknar dunete skrømt. Dei er veldig gode på å sitje i ro, samtidig som dei er veldig tydelege på kor nært dei vil ha oss menneske.

Kattugleunge

Lesestader i hagen

Eg er stadig på jakt etter nye stader å lese på, og i kveld vart det ein aldri so liten tur ut i hagen for å sjå om det var mogleg å finne nokre nye stader kor ein kunne nyte ein god bok. Sidan det kom til å bli ei noko oppstykka lesestund, var det Edgar Allan Poe sine samla verk som vart med på rundturen, slik at eg i alle fall kunne lese ferdig ein tekst eller tre på kvar plass.

1.

Fyrste stopp var under eit av dei små epletrea som har greiner som strekkjer seg utover den som måtte finne på å leggje seg der.

Lesestader i hagen (1)

I kveldssola var det best å leggje seg på magen, slik at sollyset ikkje blenda ein. Det gjekk lett å finne roen i havet av engkarse, og ein var dessutan relativt godt skjulte for folk og bilar som gjekk forbi på vegen.

Lesestader i hagen (2)

Og brått vart ein merksame på alle seksbeinte som kraup og fauk rundt ein – bonus for ein insektsentusiast! Dette er ei tege av noko slag.

Lesestader i hagen (3)

Mose og uslege gras gjorde det ekstra mjukt å liggje, og det vart dessutan eit tydeleg avtrykk der ein lesande låg ei stund.

Lesestader i hagen (4)

2.

Vatnet gjekk i dag eit lite stykke opp over den nedste hella i trappa. Med andre ord var vasstanden i perfekt høgd til å sitje med fotblada under vatn og med ei bok på fanget. Men det var ikkje råd å sitje slik so alt for lengje, berre slik ein fekk lese ferdig eit kort dikt, for ein tok raskt til å miste kjensla i føtene.

Lesestader i hagen (5)

3.

Den siste staden eg prøvde ut var morelltreet. Heilt sidan treet tok til å bløme, har eg hatt lyst til å setje meg opp mellom dei velduftande blomane og lese fabellitteratur, skrøner eller lyrikk. Med stor optimisme klatra eg opp til den vante utkikksposten min og knipsa dette biletet:

Lesestader i hagen (6)

Men sjølv om eg aller helst ville sitje høgt oppe mellom blomane, laut eg ta til takke med dei nedste greinene dersom eg ville sitje nokonlunde behageleg i kjole og berre bein. Med spegelreflekskameraet på slep vart det dessutan litt ekstra tungvint, og neste gong tek eg nok med meg ein bok som har mindre enn 1026 sider.

Lesestader i hagen (7)

Trass i dagens utfordringar, er dette langt frå siste gong eg set meg opp i morelltreet ei ledig stund!

Årets tulipanar

Tulipanar 18 (4)

Tulipanane som vart planta i haust, i det som etter gamalt var farmor sitt tulipanbed, står no på sitt finaste. Dei rosa og kvite blomane gjer det ekstra triveleg å kome heim etter jobb, og so gjer dei utsikta frå kjøkenglaset endå litt finare.

Tulipanar 18 (5)

Den kvite sorten er «Inzell» og har den perfekte tulipanforma.

Tulipanar 18 (1)

Den mørkaste av dei rosa tulipanane er «Jumbo Pink», og kronblada går frå å vere mørke nederst og i midten til å bli sjrmerande bleikrosa i kanten.

Tulipanar 18 (2)

Biletet i katalogen der eg kjøpte tulipanlaukane, framstilte «Affaire» som «Pink Jumbo» sin rake motsetnad med mørke ytterkantar og kvitt mot midten. I realiteten vart det ein svakt melert lyserosa, og det passa heldigvis godt inn saman med dei andre.

Tulipanar 18 (3)

 

Å oppsøkje einsemda

Støylen i mai (26)Forsommaren kom som ein eksplosjon i år, og det varme, solrike vêret førte til akutt støylslengt. Heldigvis låg alt til rette for ein overnattingstur i selet. Det vart tjuefire timar fylde med overveldande mengder kvitveis, fuglesong, sol gjennom vatn og greiner – og ein solid dose roleg, styrkande einsemd.

Støylen i mai (13)Støylen i mai (1)Støylen i mai (14)Støylen i mai (18)Støylen i mai (20)

Støylen i mai (23)Støylen i mai (22)Støylen i mai (21)Støylen i mai (24)

Lønnespire

Isen er i ferd med å fare på Skilbreivatnet, og då er det ekstra lettleg å ta seg ein tur opp dit for å sjå at våren får stadig sterkare tak på landskapet. Medan eg stod der i strandkanten, høvde det seg slik at eg bøygde blikket ned mot føtene mine. Der fann augo mine ein irrgrøn flekk – frøblada på ei spire! Ved sidan av låg ein tom frøkapsel frå ei lønn.

I grå grus hadde frøet slege rot etter å ha blitt bløytt opp av regn, smeltande snø og anna vatn. Til sommaren, når vatnet veks, vil akkurat denne staden vere omringa og dekka av innsjøen. Difor flytte eg varsamt småsteinane og sanden rundt den skjøre stengelen vekk og tok det spirande lønnetreet med meg heim.

AskespireAskespire2

Fiskekikking

Vatnet har vakna til liv etter ein uvanleg lang vinterdvale. Stokkender, silender og fiskemåsar er i ferd med å finne reirstader langs land, og ringane etter det fyrste fiskevaket er observert. I dag tidleg sende ein dykkande oter opp bobler som dansa i overflata. Det siste som manglar før sommaren er komen, er at småfiskane vi lokalt kallar pinnjesylar viser seg på grunna.

Pinnesylar (2)Pinnesylar (3)Pinnesylar (1)