Lesestader i hagen

Eg er stadig på jakt etter nye stader å lese på, og i kveld vart det ein aldri so liten tur ut i hagen for å sjå om det var mogleg å finne nokre nye stader kor ein kunne nyte ein god bok. Sidan det kom til å bli ei noko oppstykka lesestund, var det Edgar Allan Poe sine samla verk som vart med på rundturen, slik at eg i alle fall kunne lese ferdig ein tekst eller tre på kvar plass.

1.

Fyrste stopp var under eit av dei små epletrea som har greiner som strekkjer seg utover den som måtte finne på å leggje seg der.

Lesestader i hagen (1)

I kveldssola var det best å leggje seg på magen, slik at sollyset ikkje blenda ein. Det gjekk lett å finne roen i havet av engkarse, og ein var dessutan relativt godt skjulte for folk og bilar som gjekk forbi på vegen.

Lesestader i hagen (2)

Og brått vart ein merksame på alle seksbeinte som kraup og fauk rundt ein – bonus for ein insektsentusiast! Dette er ei tege av noko slag.

Lesestader i hagen (3)

Mose og uslege gras gjorde det ekstra mjukt å liggje, og det vart dessutan eit tydeleg avtrykk der ein lesande låg ei stund.

Lesestader i hagen (4)

2.

Vatnet gjekk i dag eit lite stykke opp over den nedste hella i trappa. Med andre ord var vasstanden i perfekt høgd til å sitje med fotblada under vatn og med ei bok på fanget. Men det var ikkje råd å sitje slik so alt for lengje, berre slik ein fekk lese ferdig eit kort dikt, for ein tok raskt til å miste kjensla i føtene.

Lesestader i hagen (5)

3.

Den siste staden eg prøvde ut var morelltreet. Heilt sidan treet tok til å bløme, har eg hatt lyst til å setje meg opp mellom dei velduftande blomane og lese fabellitteratur, skrøner eller lyrikk. Med stor optimisme klatra eg opp til den vante utkikksposten min og knipsa dette biletet:

Lesestader i hagen (6)

Men sjølv om eg aller helst ville sitje høgt oppe mellom blomane, laut eg ta til takke med dei nedste greinene dersom eg ville sitje nokonlunde behageleg i kjole og berre bein. Med spegelreflekskameraet på slep vart det dessutan litt ekstra tungvint, og neste gong tek eg nok med meg ein bok som har mindre enn 1026 sider.

Lesestader i hagen (7)

Trass i dagens utfordringar, er dette langt frå siste gong eg set meg opp i morelltreet ei ledig stund!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s