Nye roser

Då eg flytta inn i Birkelandshuset, var det blant anna med ein ambisjon om å plante fleire roser i hagen. Det fyrste roseprosjektet er å lage til ein hekk av roser ut mot vegen, slik at forbipasserande kan nyte synet av dei. Og kanskje kan dei ta seg tid til å stoppe opp og lukte på ei rose eller to? For det er om lag det einaste kravet eg har til rosene eg skal plante: dei må ha duft! I fjor vart hekken påbyrja med den blå (lilla) rosa «Rhapsody in Blue«, og i år vart to nye sortar kjøpte inn og planta.

Eg var på utkikk etter mørkeraude roser, sidan det var fargen på farmor sine roser. Denne rosa busken, «Romanse», var det mørkaste eg fann, og det var i grunn heilt i orden. Sjølv om namnet er noko kjedeleg, er blomen riktig prektig. Når rosa har fått opna seg heilt, fyller ho dessutan heile handa mi.

Nye roser (1)

Den andre rosesorten som fekk bli med heim, var «Sophia Rennaissance». Eg var eigentleg fast bestemt på at eg ikkje skulle ha gule roser. So såg eg denne plassert saman med dei ovanfor nemnde sortane på hagesenteret, og då kunne eg ikkje late den vere att. Og so er jo gulfargen veldig behageleg, med innslag av oransje og raudt.

Nye roser (2)

Jonsokaftan

Grunna ekstremt kraftig regnvêr, laut ein i fjor avlyse den årvisse jonsokfeiringa i krinsen. Berre briselden vart kveikt, og det var best å sjå på den frå ein bil eller eit hus. I år kom ikkje regnet nærare enn at det tidvis draup nokre dropar på andletet, og for det meste heldt regnet seg i høgda og vart til stemningsfull regndis.

I fjærekanten stod stabelen med pallar og anna trevirke og bar lovnad om god varme når det lei på.

Jonsok18 (1)

Men før den tid, var det inntog av jonsokbrurefølgjet. For fyrste gong kom brurefølgjer med hest og kjerre, og det var retteleg staseleg. Då mange av dei minste gutane var reiste på leir denne helga, var det to brurer: ei med krone og ei med slør. Elles var der prinsesser, troll, superheltar, ein spellemann og ein NASA-astronaut.

Jonsok18 (2)

Etter programmet som bestod av allsong, solosong, instrumentspel og opplesing av eventyr, var det fritt fram til å ta del i ulike aktivitetar. Stylter, fotball, grilling, natursti – og sjølvsagt sekkelaup. Underteikna heldt seg på sidelinja på sistnemnde aktivitet, men vart reint imponert over innsatsviljen til dei som tredde på seg striesekkane. Særleg han i midten.

Jonsok18 (4)

Og medan alt dette føregjekk, flamma briselden i ekte Astrup-stil. Ei skikkeleg solid jonsokfeiring, med andre ord!

Jonsok18 (3)

Endeleg kom regnet

Endeleg regn, etter ein månad med sol og varme og skyfri himmel! Fyrste fridag etter det fyrste regnskyllet vart kofferten pakka, og so bar det til støyls.

IMG_3592

I dei korte mellomromma mellom to regnbyger passa det fint å ta ein rusletur langsved elva for å sjå på vekstane som skein grønt i det friske vêret.

IMG_3684IMG_3678

Brått var det pittelitt blå himmel i det fjerne, men det kom raskt nye skyer som fylde att tomrommet.

IMG_3696

Fuglesongen låg over landskapet like tjukt som elvesuset, men det var ikkje lett å få auge på dei. Linerlene var dei einaste som sette seg synleg til, og då var det høve til å kikke på dei gjennom kikkerten.

IMG_3654

Når regnet jaga ein innandørs var det aller best å sitje i godstolen ved vinauget og veksle mellom å lese, drikke te og å berre sjå ut på dei fine fjella rundt støylen. Og kanskje kom der noko buskap forbi?

IMG_3625IMG_3614IMG_3698

Og når det tromma som verst på taket og trea rundt selet, var det ekstra triveleg å gå ut på bislaget ikledd stilongs og ulltrøye for å verkeleg få med seg kor mykje vatn som kunne kome på ein gong.

IMG_3707IMG_3734IMG_3711