Prestegardsrosene kom uvanleg tidleg denne sommaren, og aldri har dei vore so frodige. Dette laut ein vel kunne nytte på nokon måte? Etter litt leiting i bokhyller fann ein boka Ut på bærtur, og der fanst det ei oppskrift på rosegelé!
For ordens skuld, so er biletet under frå i fjor sommar og illustrerer korleis dei kvite rosene vanlegvis ser ut – i år var eg so oppteken med å nyte synet av dei med det blotte auget at eg heilt gløymde å forevige synet av dei.

Og denne tjukke sommarfugllarven fekk sjølvsagt vere att på busken.

I eit forsøk på å få litt farge i miksen (oppskrifta sa eigentleg at det skulle vere raude roseblad), tok eg med kronblada frå den siste halvfalma blomen på «Sophia Rennaissance»-busken. (Men for å få noko særleg farge laut eg til slutt ty til nokre dropar konditorfarge).


Alle syltetøysglasa var fulle av rabarbra- og jordbærsylte, men etter ei lita jakt etter høvelege kuks, fann eg farmor sine gamle mokkakoppar.

Eg visste ikkje kor mykje gelé det kom til å bli, men av og til har ein flaks. Det vart akkurat nok til å fylle kvar av dei seks mokkakoppane!


Eg hadde håpa på at geléen skulle kunne maulast som dessert, men smaken var litt for kraftig til det. Men den smakte ypparleg saman med salte kjeks og Port Salut-ost.