Treskjering er ei riktig so spennande handverksform. Enkelt trevirke kan få dei mest intrikate former dersom jarna er gode og treskjeraren maktar å bruke dei. Då eg so smått har teke til å prøve meg på treskjering, er det ekstra interessant å studere. Gamle stavkyrkjer er verkeleg for skattekister å rekne når ein er på leit etter inspirasjon, og i løpet av sommaren fekk eg vitja og samla motiv frå to kyrkjer.
Den fyrste stavkyrkja eg vitja var på Maihaugen på Lillehammer. Grøne menn, på engelsk kalla green men eller woodwose, er desidert mitt favorittmotiv, og på to av søylene mellom kyrkjeskipet og koret var dekorerte med to store andlet omkransa av lauv.

På altertavla var det flust av bordar og kransar og lauv, so ein kunne bli reint svimle av alle dei ulike formene.

Den andre stavkyrkja eg var innom, var den i Vågå. Og der var det verkeleg mykje å rette merksemda mot! Ved inngangspartiet vart ein møtte av desse drakane som snodde seg rundt kvarandre.

Inne i skipet var dei fleste benkane pryda med ein fargesprakande fugl inn mot midtgangen. Ved fyrste augekast var dei alle like, men når ein såg nærare etter, hadde alle sitt særpreg. Rundt dei var det snirklar og band og andre dekorative element som var med på å gjere kvar og ein av dei unike.

I Vågå kyrkje var det òg ulike typar lauv og intrikate mønster som kunne få ein til å måpe litt.


Som ein bonus var fleire av gravstøttene på gravplassen hogne til med vakre akantus-blad, som sikkert hadde gjort seg fint i trevirke òg.