Morgonfugl

RaudstrupeI går tidleg, då eg var på veg ut døra for å gå på jobb, kom denne unge raudstrupen inn på bislaget. Han såg ikkje ut til heilt å skjøne dette med gjennomsiktige vindauge, so han prøvde utan hell å kome seg ut i eine hjørnet av bislaget. Han verka for å vere av den meir avslappa typen, slik at eg fekk tak i han utan noko form for stressande lyder og rørsler. Heldigvis bar han ikkje preg av verken brot eller hjernerysting, so han fauk lett av garde når han berre vart synt fram til inngangen.

Ein tanke på “Morgonfugl

  1. Oi, for eit sjeldan og fint møte! Kjekt å høyre at den såg ut til å klare seg fint etter å ha blitt vist kor vegen var 🙂 Ønskjer deg ei flott helg!

    Likar

Kommenter innlegget