Lønnetrestokkar

Lønnestokkar (3)Lønnestokkar (1)Lønnestokkar (2)

I sommar laut vi felle ned eit av tuntrea på garden der eg vaks opp. So lenge eg kan hugse, har lønnetreet stått på hjørnet av lada, men no var ho blitt so høg at det kunne gjere skade på bygget. Då får det ikkje hjelpe alt kor vakre lauva er om hausten.

Lønna hadde tre hovudstammar og fleirfaldige store greiner. Det var retteleg eit puslespel å sage rett grein til rett tid (so det tok far min seg av), og vi laut feste og drage i tau for å kontrollere fallretningane so mykje som mogleg. Heile familien hjalp til med felling og kvisting, kapping og bering.

Kvistane køyrde vi til bålplassen, medan stokkane står på rekke og rad langs lademuren. Noko av det skal kappast til ved, men der er òg nokre emne som eg har sett meg ut til å lage eitt og anna av. No må berre trevirket tørke opp litt.

Fyrste haustdagen

Det kjennest ut som om hausten har regna heilt vekk. Heldigvis har ein biletprov som syner at det jo har vore nokre fine haustdagar, sjølv om det har vore langt mellom dei. Den fyrste offisielle haustdagen var særskilt fin.

Myrvegetasjonen fekk raskt haustfarge dette året, og stod godt til dei framleis grøne fjellsidene.

Blikkfang fyrst på hausten (4)

Innimellom fann ein bartre som kamuflerte seg som eksotiske blomar…

Blikkfang fyrst på hausten (3)

Og nokre svulma av knutar som kanskje ein gong kan bli skåler. Skulle berre hatt den dreiebenken.

Blikkfang fyrst på hausten (5)

Nede i torva låg ei lita padde som nesten såg ut som ein sjokoladefrosk.

Blikkfang fyrst på hausten (2)

Litt lenger oppe i høgda fekk ein verkeleg nyte det frodige spekteret av fargar: raudt, oransje og gult på myra, grønt i trekronene og blåe fjell i bleik dis.

Blikkfang fyrst på hausten (6)

I tillegg til dei ovanfor nemnde fargane, kom vi over nokre soppar som var nesten neonrosa. Ganske fantastisk.

Blikkfang fyrst på hausten (7)

Det aller vakraste var likevel å finne dette gamle fuglereiret innåt stammen på ein ung einer.

Blikkfang fyrst på hausten (8)