Grøne menn i St. Petersburg

Det er eit stykke frå Birkelandshuset til St. Petersburg, men etter ei reise i haust har små brotstykke frå den russiske storbyen fått ein heim i huset på Vestlandet. Ferdaminne i form av billettar, bilete og nips finst no rundt om i ulike rom. Alt har ikkje heilt funne sin endelege plass, so enn so lenge rettar eg ikkje særleg fokus mot dei.

Men likevel er det nokre få bilete eg vil leggje ut. Medan reisefølgjer mitt og eg vandra himmelfalne gjennom Eremitasjen sine overdådig utsmykka rom, fann eg nemleg ein grøn mann. Og når ein fyrst har sett éin, blir ein brått var endå fleire andlet som har lauv strøymande ut av munnen og kring hovudet. Det heile utvikla seg til ei aldri so lita jakt etter det fascinerande motivet, og det vart ein temmeleg fin fangst.

img_7060img_7081img_7082img_7087img_7102Kanskje eitt eller fleire av desse andleta kunne teke seg fint ut på eit skrin eller på ein stolrygg? Dei er i alle fall lagra i katalogen over grøne menn eg har støtt på.