Rimroser

Rosene eg kjøpte i sommar hadde knoppa seg på ny i september, og utover oktober opna dei seg litt og litt. Det var i lang tid mangel på sol som kunne lokke dei fram, men i november vart det nokre regnfrie dagar som fekk rosene til å endeleg sprette ut.

Sjølv om det kanskje ikkje er det beste for rosene, so var det kjærkome med litt fargar i hausthagen. Og då kulda pynta dei med rimband, vart dei om mogleg endå flottare.

Skoddevandring

I fleire dagar låg skodda over bygda. Somme stader var ho slørtynn med eitt og anna holrom som ein kunne sjå himmelen gjennom, medan andre stader var ho tjukk som graut. Og vi oppsøkte den tjukkaste skodda vi kunne finne. Alt blir annleis og forvridd og eldgamalt når du ser det heilt eller delvis i skodda.

To tre skilde seg ut som ein port i byrjinga av skogsvegen.

Skoddevandring i november (1)

Mellom nokre tuer kunne ein skimte fire krokrygga karar – eller var det berre ei einerbuske med sprikande stammar?

Skoddevandring i november (2)

Ved tjønna var det berre so vidt ein kunne skimte hi sida, og ein laut tillate seg å nesten innbille seg at nøkken kunne stige opp på land kvar augneblink.

Skoddevandring i november (3)

Eller kanskje hadde nøkken alt gjort seg om til ein kvit hest som kom travande bortover myra?

Skoddevandring i november (4)

Om ein trong noko å halde fast i, kunne ein ta tak i ei smukk bjørk som stod i vasskanten.

Skoddevandring i november (7)

Og ein kunne skode rundt seg og gløyme tida og alt som ligg bortanfor det ein ser.

Skoddevandring i november (5)

Utav den vesle furukledde haugen kunne det fort sprette opp eit følgje med haugfolk med ølkaggar og spekekjøtlår på slep.

Skoddevandring i november (6)

So var det opp att på vegen, slik at ein ikkje gjekk seg vekk i skodda og trolldomen.

Skoddevandring i november (8)Skoddevandring i november (9)

Grashoppeobservasjonar 2018

Som regel er kameraet med når eg er på tur, so lenge det ikkje er veldig mykje regn eller ein skal stader der det er upraktisk å ta med seg eit stort og klumpete fotoapparat. Ein junidag i 2016 var ein slik tur, der kameraet vart liggjande att heime. Det var òg den dagen eg fann ei fantastisk fin grashoppe. Eg prøvde å memorere utsjånaden hennar so godt som mogleg, men observasjonane mine var nyttelause då eg seinare leita gjennom Naturhistorisk museum si oversikt over norske grashopper.

Sidan då har eg alltid teke med meg kameraet når eg går i området kor eg fyst såg grashoppa, i håp om å finne att den finurlege skapnaden. Og 23. juni 2018 fekk eg endeleg tak i ho – og det var ikkje berre ei. Eg møtte fleire som meir eller mindre velvillig let seg fotografere, slik at eg hadde rikeleg med dokumentasjon til identifisering.

Det synte seg å vere ei myrgrashoppe (Chorthippus montanus).

Grashoppeobservasjonar (3)Grashoppeobservasjonar (1)Grashoppeobservasjonar (2)

30. august fann eg att eit eksemplar av arten eit godt stykke frå der vi tidlegare har funne dei. Ein kjærkomen bonus!

IMG_6007