Rosene eg kjøpte i sommar hadde knoppa seg på ny i september, og utover oktober opna dei seg litt og litt. Det var i lang tid mangel på sol som kunne lokke dei fram, men i november vart det nokre regnfrie dagar som fekk rosene til å endeleg sprette ut.
Sjølv om det kanskje ikkje er det beste for rosene, so var det kjærkome med litt fargar i hausthagen. Og då kulda pynta dei med rimband, vart dei om mogleg endå flottare.
Frosten er så vakker! Hausten er kanskje ikkje mi favorittårstid, men haustfargane er likevel noko heilt spesielt 🙂
LikarLikar
Så flotte! 🙂
LikarLikar