Då eg var på overnattingstur på støylen i mai, hadde eg teke med meg blyant, kniv, treskjerarjarn og ei fjøl. Etter å ha kome meg i gjenge i selet og drukke ein kopp med te og ete kvelds, sette eg meg ut på bislaget og tok til på det treskjeringsprosjektet eg hadde fundert på i over eit halvt år.
Der, akkopagnert av venleg fuglekvitter og fjernt fossebrus, fekk den grøne mannen form. Frå å vere nokre grove blyantstrekar, fekk han djupne og detaljar.
I løpet av denne stunda på støylen vart størsteparten av utformingsarbeidet unnagjort, men det var framleis nokre steg att før den grøne mannen var klar til å fargast og pakkast og hengjast opp. Ei kveldsstund i oktober fann eg dermed fram att treskjeringa og sette meg attved omnen i Birkelandsstova. Å skjere ned bakgrunnen er herleg tanketomt putlearbeid, sjølv om den lunefulle kvisten på venstre kant var særs motstridig. Men han gav etter til slutt!
Neste steg var å gjere det lyse trevirket mørkare. I sommarferien hadde eg kjøpt inn ein oljebeis i ein raudleg brun farge. I iveren etter å få den grøne mannen ferdig, gløymde eg å bruke hanskar, men då har ein liksom noko å vise til. Hender er finast når dei fortel om noko slags arbeid, tykkjer eg!
Då beisen var tørka, var det berre å pakke han inn slik at mottakaren kunne få pakke han opp når tida var inne.
For andre innlegg som inkluderer grøne menn , sjå her og her.