Dette året kom den fyrste overnattingsturen på støylen allereie i mars. Førre fredag pakka eg kofferten etter jobb, og i mørkret vart eg skyssa opp på støylen. Etter å ha sett frå seg bagasjen, stabla provianten i kjøkenskåpet og henta vatn i den vårstore elva, var det endeleg klart for å fyre i omnen. Der er elektrisitet i selet, og ein varmeomn sørgde for at det ikkje var alt for kaldt, men ingenting er som god, mjuk vedvarme.
Når ein er åleine i selet, og spesielt når det er so tidleg på året at det tek tid å få varma opp soverommet, er sofaen akkurat passeleg som soveplass.
Morgonen etter kunne ein vakne til lett regn på taket, men utover føremiddagen kom sola og openberra dei vakre vekstane ute på støylskvia: påskeliljer i knopp og ein gul sopp som kanskje er ein slags gelésopp.
Men snart kom både regn og skodde og hagl. Då var det godt å sitje inne med høveleg lektyre, god utsikt og triveleg selskap i ein smal kveldsviklar som kvikna til og spankulerte i glaskarmen.
Litt utpå dagen kunne ein lure på om naturen tok til å gå baklengs attende i vinteren, men det vart med nokre kortavarige snøbyger. Snøflaka forsvann dessutan so snart dei traff den framleis solvarme bakken.
Å kunne reise til ein slik stad, berre slappe av og koble ut. Ser kjempehyggeleg ut 🙂
LikarLikar