Myrhausting

Myrhausting

Vi skulle berre gå ein kjapp rusletur over myra og over nokre små bergrabbar, berre so snarast rette ryggen og nyte haustsola som kikka fram. Men der såg vi brått nokre modna einerbær, og der var det plutseleg eit tytebær ein hadde oversett førre gong ein gjekk forbi. Og sanneleg var der ikkje ein bleik piggsopp mellom lyngen der! So lyt vi berre løfte på bregnene litt her, og so må vi berre bort til den buska og sjekke der. Og slik vart turen meir enn dobbelt so lang.

Admiral i naud

No når hausten er komen på ordentleg, med regn og ullhøvelege temperaturar, blir det ein og annan tur inn i den gamle fjøsen for å hente ved. Men noko som er heller uvanleg å sjå på vedhentingsekspedisjonane, er sommarfuglar i naud. Denne admiralen (Vanessa atalanta) hadde forvikla seg inn i ein spindelvev, og dei klebrige trådane hadde klistra saman vengjene hans. Han hang som daud.

Sjølv om synet var vemodig, var det òg ein del av meg som tykte at det var eit syn ein ikkje berre kunne snu ryggen til og gå ifrå. Det burde forevigast gjennom ei kameralinse. Eg henta kameraet. Trekken frå den halvopne døra fekk sommarfuglen til å snurre roleg rundt i edderkopptråden, og eg starta med å fange den stille rørsla på levande film. Men so skjedde det noko. Det eg trudde var eit livlaust skal, strekte på eine beinet. Snart tok følehorna og resten av føtene til å bevege seg òg, prøvande.

Augneblinken etter var redningsaksjonen i gong. Eg heldt fram handa so han fekk noko å klamre seg til, før eg kneip av tråden som heldt han fast. Edderkoppar spinn solide reip med godt klister, so det tok litt tid å reinske dei skjøre sommarfuglvengjene. Men når det endeleg var gjort, kunne admiralen låne kroppsvarmen min medan han kom seg til hektene att.

screenshotKlårt (3)IMG_2576