Denne fugleforingssesongen har bjørkefinkane vore på besøk fleire gonger. Stort sett sit flokken i rognetreet og plukkar det som er att av bæra, men ein og annan kjem bort på fuglebrettet der meisene stort sett held seg.
Bjørkefinkane ser ut til å vere litt meir skeptiske enn kjøtmeisa og blåmeisa, men dei vågar seg etter kvar nært nok til å få seg nokre godbitar.
Eit bjørkefinkpar vart dessutan særs komfortable ved minatyrstabburet. Faktisk likte dei seg so godt at eg trur meisene vart litt forarga på at dei ikkje kunne flytte seg og sleppe dei andre til.
Og som om ikkje dét var nok, so kom sanneleg bjørkefinken sin næraste slektning her til lands, bokfinken, og skulle forsyne seg òg.
Fru Bjørkefink og herr Bokfink fann tonen og hadde ei riktig fin stund saman før dei for kvar til sitt.
Eg trur bjørkefinken må vere ein av mine nye favorittfuglar.