Lyset i november som leikar på kornete isflater og skin gjennom fastfrosne vassdropar. Gylne solstrålar som gjev daudt lauv og kalde barnåler ein indre glød. Ein himmel som lar seg sløre til av skyer og ein falmande dag. Stivna vatn som dannar bruer og brønnar ein ikkje bør lite på, medan isroser spring frå frosne knoppar.