Dagmåne

Det har vore ein mild og våt vinter, men no og då har der vore dagar som har forsikra ein om at ein ikkje har hoppa rett over til våren. Dagar med knallblå himmel, bleik dagmåne og snøflukser som fer i byger bortetter liene og over vatna. Dagar med tjukkelabbar i støvlane, sporsnø, og ein og annan fugl som bles seg opp til dobbel storleik for å halde varmen. Dagar der gul lav lyser opp i det grå, der høge bildurar blir dempa og stille kviskringar forsterka.

IMG_3571IMG_3589IMG_3617IMG_3632IMG_3574

Potteplanteforsøk

Eg likar plantar. Eg vil til og med påstå at eg har nokonlunde god peiling på plantar, so lenge dei finst vilt ute i skogen eller i strandkanten eller på fjellet. Men når det kjem til potteplantar, so er eg ganske håplaus. Ikkje kan eg namn, og ikkje veit eg kor mykje eller lite vatn dei skal ha – eller kor ofte. Og so lyt ein jo tenkje på temperatur og trekk.

Men då ein potteplante på heimgarden hadde eit utal små utvekstar som hang i lause lufta, fann eg ut at det var no verdt å prøve seg på å få dei til å røte seg.

IMG_3505

Tidleg i haust klipte eg av desse avleggarane og sette dei i vatn på kjøkenbenken, og gløymde heilt av å sjå til dei. Men då eg no i vinter kom på å undersøkje saka nærare, oppdaga eg at det hadde utvikla seg nokre verkeleg lange røter. Då var det kanskje på tide å finne fram litt plantejord og nokre potter.

IMG_3513IMG_3518

Det var moro å prøve seg på å ta avlegggarar, og det kan hende eg gjer det på nytt dersom eg kjem over ein plante med ein avleggar klar til å takast. Men det er nok inga fare for at eg opprettar ein potteplantekonto på sosiale medium med det fyrste.