Matauk frå skogbotnen

Det lir utpå hausten med frost og låg sol, so soppsesongen er på det siste. Men på den lune skogbotnen er det framleis råd å finne ein og annan sopp som er fin nok til å leggje i korga.

soppx3 (1)

Kantarell og bleik piggsopp er gamle kjenningar, men då eg var på soppkurs tidlegare i haust, vart eg trygg på traktkantarellen òg. Når du fyrst finn han, er det gjerne rikeleg av han, so han er godt korgfyll.

soppx3 (2)

Og so får heller dei snigleetne skivesoppane av ukjend art bli ståande og setje farge på tilveret.

soppx3 (4)

Myrhausting

Myrhausting

Vi skulle berre gå ein kjapp rusletur over myra og over nokre små bergrabbar, berre so snarast rette ryggen og nyte haustsola som kikka fram. Men der såg vi brått nokre modna einerbær, og der var det plutseleg eit tytebær ein hadde oversett førre gong ein gjekk forbi. Og sanneleg var der ikkje ein bleik piggsopp mellom lyngen der! So lyt vi berre løfte på bregnene litt her, og so må vi berre bort til den buska og sjekke der. Og slik vart turen meir enn dobbelt so lang.

Tre handarbeidsprosjekt

Det er fort gjort at lageret av garn og tekstilar aukar raskare enn ein klarer å gjere noko med det. Noko er slikt som berre kan vere kjekt å ha, i tilfelle det dukkar opp noko, medan andre stoffbitar og garnnøste har ein heilt klåre planer for kva det skal bli til. Det gjeld berre å lage seg tid til å gjennomføre. I året vi relativt nyleg er byrja på, har eg valt meg ut tre prosjekt som eg ynskjer å starte på og/eller fullføre.

1. Dette Alafosslopi-garnet skal bli til ein villmarksgenser.

2019-prosjekt (3)

2. Nokre meter petrolfarga twill skal bli til ei kortebukse eller ei bukse eller begge deler med mønsteret M7726 frå McCall’s.

2019-prosjekt (1)

3. Det blågrøne bomullsgarnet kjøpt på Hillesvåg Ullvarefabrikk sitt nettutsal skal vonarleg bli ei strikkajakke som kanskje kan passe attåt den ovanfor nemnde (kort)buksa.

2019-prosjekt (2)

Lønnetrestokkar

Lønnestokkar (3)Lønnestokkar (1)Lønnestokkar (2)

I sommar laut vi felle ned eit av tuntrea på garden der eg vaks opp. So lenge eg kan hugse, har lønnetreet stått på hjørnet av lada, men no var ho blitt so høg at det kunne gjere skade på bygget. Då får det ikkje hjelpe alt kor vakre lauva er om hausten.

Lønna hadde tre hovudstammar og fleirfaldige store greiner. Det var retteleg eit puslespel å sage rett grein til rett tid (so det tok far min seg av), og vi laut feste og drage i tau for å kontrollere fallretningane so mykje som mogleg. Heile familien hjalp til med felling og kvisting, kapping og bering.

Kvistane køyrde vi til bålplassen, medan stokkane står på rekke og rad langs lademuren. Noko av det skal kappast til ved, men der er òg nokre emne som eg har sett meg ut til å lage eitt og anna av. No må berre trevirket tørke opp litt.

Blømande loppefunn

Årets loppemarknadfangst på Sandanedagane var noko beskjeden, reint kvantitativt sett. Men det er ikkje meg imot å kome heim att med få ting når ein veldig nøgd med dei få tinga ein finn.

blømande loppefunn (2)

Det fyrste som hamna i handlenettet var ei dessertskål med form som eit iskremkjeks. Den låg i tikronerskassa og blenkte so fint og fekk meg til å innsjå at den passa ypparleg inn i vasesamlinga mi. Eg tok straks til å sjå føre meg ein bukett med blå hortensia og flox. Då eg kom heim, oppdaga eg at der òg var plass til nokre stilkar fagerfredlaus og margerittar. Dessutan fann eg ei solsikke i solsikkebedet som var akkurat passeleg stor til å passe inn saman med dei andre.

blømande loppefunn (3)

Etter å ha starta handelen, gjekk turen vidare til tekstilteltet på marknaden. Der var skapeleg mykje, men få ting som eg kunne sjå meg nytte i. So viste det seg at det inst inne i ein krok stod ei kasse med diverse stoffstykke i bomull. Nokre var laga til som stoffpakkar, og i ein av stoffpakkane låg to blomestoff i herlege fargar. Eit fint tilskot til stofflageret!

blømande loppefunn (1)

No gjeld det å smørje seg med tolmod fram til neste loppemarknad.

Rosegelé

Prestegardsrosene kom uvanleg tidleg denne sommaren, og aldri har dei vore so frodige. Dette laut ein vel kunne nytte på nokon måte? Etter litt leiting i bokhyller fann ein boka Ut på bærtur, og der fanst det ei oppskrift på rosegelé!

For ordens skuld, so er biletet under frå i fjor sommar og illustrerer korleis dei kvite rosene vanlegvis ser ut – i år var eg so oppteken med å nyte synet av dei med det blotte auget at eg heilt gløymde å forevige synet av dei.

Forunderleg hagevandring (2)

Og denne tjukke sommarfugllarven fekk sjølvsagt vere att på busken.

Rosegelé (1)

I eit forsøk på å få litt farge i miksen (oppskrifta sa eigentleg at det skulle vere raude roseblad), tok eg med kronblada frå den siste halvfalma blomen på «Sophia Rennaissance»-busken. (Men for å få noko særleg farge laut eg til slutt ty til nokre dropar konditorfarge).

RosegeleRosegelé

Alle syltetøysglasa var fulle av rabarbra- og jordbærsylte, men etter ei lita jakt etter høvelege kuks, fann eg farmor sine gamle mokkakoppar.

Rosegelé (4)

Eg visste ikkje kor mykje gelé det kom til å bli, men av og til har ein flaks. Det vart akkurat nok til å fylle kvar av dei seks mokkakoppane!

Rosegelé (5)Rosegelé (6)

Eg hadde håpa på at geléen skulle kunne maulast som dessert, men smaken var litt for kraftig til det. Men den smakte ypparleg saman med salte kjeks og Port Salut-ost.

Ferske råvarer

Ferske råvarer (1)

Rabarbra, jordbær og grønkål. Fyrstnemnde er kjøpt i butikken (sidan opphavet hadde allereie brukt dei frå eigen hage), dei raude juvelane er kjøpt direkte frå bærbonden og sistnemnde er frå eigen hage. Og alt er ferskt. Og når ein får tak i so flotte råvarer, er det ekstra kjekt å kunne forelde dei på ulike måtar.

Mor mi var ikkje tung å be då eg spurde om ho kunne lære meg å lage sylte (for det har eg faktisk aldri gjort før!), og snart hadde vi fått både rabarbraen og jordbæra på glas. Det høyrer òg til soga at vi to dagar seinare tok turen til Sandane og kjøpte med oss ei heil kasse med bær. No står det til saman nitten glas med jordbærsylte i kjellaren.

Ferske råvarer (3)

Grønkålen vart til paifyll, saman med fetaost, flesk og egg. Og to supertips frå opphavet er å bruke eit par grønkålblad i pølsegrateng og i blomkålsuppe. Det passar veldig godt saman med dei andre smakane.

Ferske råvarer (4)

Farfarfrakk

Farfarfrakk (3)

Dei nye pallekarmane skulle beisast, og det var akkurat litt for kjølig til ikkje å ha tjukkegensar på. Men tjukkegensaren var jo alt for fin til å søle beis på, og ingen av arbeidsskjortene gjekk att med tjukkegensar under. Heldigvis hang farfar sin gamle frakk i kjellaren. Det var den frakken han hadde på seg på jobb då han var bussjåfør.  Frakken er litt revna i saumane og har umake knappar, men eg må seie eg følte meg skikkeleg flott i den!

Farfarfrakk (1)

Som ein bonus, låg der framleis ei rekning med farfar sin signatur i høgre frakkelomme. Den 18. januar 1991, dagen før storesystra mi vart fødd, betalte han for partering av ein gris. Mest truleg ein av dei to grisene storebror min hugsar frå då han var liten. Farmor og farfar brukte å fore opp to griser: ein som dei hadde sjølve og ein som dei selde for å betale for foret til dyra. Praktisk!

Farfarfrakk (2)

Hjorteforing

Seinvinteren har vore seig og streng. Bekkar og oppkomer har frose til, samstundes som mat og ly er vanskeleg å finne for dei firbeinte ute i skogen. I slike tider er det spesielt trasig å høyre ramneskrik i liene. Men heldigvis finst det ting ein kan gjere for å mildne forholda til hjorten.

På tunet hjå opphavet står det til dømes ein gamal alm som høver ypparleg som fôr til drøvtyggarane som ruslar rundt tunet. Det tok ikkje lang tid for far min og motorsaga å kappe av ei solid ladning greiner. Mor mi og eg drog dei ut på bøen, der det allereie låg ein alm som opphavet hadde saga ned tidlegare i veka.

IMG_1515IMG_1513

Dei epla mor mi plukka frå hagen i haust, men ikkje fekk nytta, vart dessutan nokre ekstra gode munnfullar.

IMG_1514 (2)

Og hjorten sette stor pris på maten.

IMG_1506 (2)

Bruktfunn frå sør

Allereie den andre veka i 2018 var det klart for årets fyrste reise, då min storebror skulle disputere etter tre års arbeid med doktorgradsavhandlinga si. Då storhendinga var overstått med upåklagelege resultat, vart det høve til å rusle litt i butikkar i Odense før toget, og seinare flyet, skulle føre oss attende til heimlandet.

I ein triveleg liten butikk som opna rett etter at vi var komne til døra, fann eg desse skattane som fekk vere med heim att: Ei handbok om mineral (som faktisk var veldig oversiktleg og lettfatteleg skriven!) og eit serveringsbrett til egg. No må eg berre lære meg å lage fylde egg, so kan eg setje dei på bordet med stil i neste gjestebod.

Danmarksfangst (1)Danmarksfangst (2)Danmarksfangst (3)