Potteplanteforsøk

Eg likar plantar. Eg vil til og med påstå at eg har nokonlunde god peiling på plantar, so lenge dei finst vilt ute i skogen eller i strandkanten eller på fjellet. Men når det kjem til potteplantar, so er eg ganske håplaus. Ikkje kan eg namn, og ikkje veit eg kor mykje eller lite vatn dei skal ha – eller kor ofte. Og so lyt ein jo tenkje på temperatur og trekk.

Men då ein potteplante på heimgarden hadde eit utal små utvekstar som hang i lause lufta, fann eg ut at det var no verdt å prøve seg på å få dei til å røte seg.

IMG_3505

Tidleg i haust klipte eg av desse avleggarane og sette dei i vatn på kjøkenbenken, og gløymde heilt av å sjå til dei. Men då eg no i vinter kom på å undersøkje saka nærare, oppdaga eg at det hadde utvikla seg nokre verkeleg lange røter. Då var det kanskje på tide å finne fram litt plantejord og nokre potter.

IMG_3513IMG_3518

Det var moro å prøve seg på å ta avlegggarar, og det kan hende eg gjer det på nytt dersom eg kjem over ein plante med ein avleggar klar til å takast. Men det er nok inga fare for at eg opprettar ein potteplantekonto på sosiale medium med det fyrste.

Finkar på brettet

Denne fugleforingssesongen har bjørkefinkane vore på besøk fleire gonger. Stort sett sit flokken i rognetreet og plukkar det som er att av bæra, men ein og annan kjem bort på fuglebrettet der meisene stort sett held seg.

Bjørkefinkane ser ut til å vere litt meir skeptiske enn kjøtmeisa og blåmeisa, men dei vågar seg etter kvar nært nok til å få seg nokre godbitar.Fuglebrettet (89)

Eit bjørkefinkpar vart dessutan særs komfortable ved minatyrstabburet. Faktisk likte dei seg so godt at eg trur meisene vart litt forarga på at dei ikkje kunne flytte seg og sleppe dei andre til. Fuglebrettet (109)

Og som om ikkje dét var nok, so kom sanneleg bjørkefinken sin næraste slektning her til lands, bokfinken, og skulle forsyne seg òg.Fuglebrettet (94)

Fru Bjørkefink og herr Bokfink fann tonen og hadde ei riktig fin stund saman før dei for kvar til sitt.Fuglebrettet (97)

Eg trur bjørkefinken må vere ein av mine nye favorittfuglar.

Førførjulstid

Adventsstjerne, lysgirlanderar, julekaker og -songar lyt framleis vente ein liten månad. Men der er visse ting ein kan gjere allereie no, for å smått og forsiktig førebu seg til den temmeleg trivelege og travle tida som er desember. 

I november kan ein til dømes…

  • strikke og sy og måle og spikke og forme slikt som skal bli til julegåver (eg rekk i alle fall aldri å gjere alt i desember!).
  • vere på utkikk etter eit høveleg juletre i skogen (sin eigen eller etter avtale i andre sin!), og kanskje knyte på ei lita sløyfe slik at ein finn det att sjølv om det skulle kome snø før du har fått henta det.
  • stappe og røykje julepølser.
  • tenkje ut kva for nokre julekaker du skal bake i år og finne fram oppskriftene (men ikkje falle for freistinga og byrje bakinga!).
  • drikke den teen som heiter verken «julete» eller «adventste», men som likevel smakar litt jul fordi den har både nellik, kanel og vanilje.
  • lytte til songen «The Ragpicker’s Dream» av Mark Knopfler, frå albumet med same namn.
  • sjekke at julekjolen/-ane heng der du trur han heng, og at den/dei ikkje har flekkar og støv frå fjoråret.
  • tenkje ut om du skal lage eller tinge adentskalendar til deg sjølv eller nokon andre.
  • pakke inn dei julegåvene som allereie er klare, slik at dei er klare til å sendast eller overleverast når høvet byr seg.

Matauk frå skogbotnen

Det lir utpå hausten med frost og låg sol, so soppsesongen er på det siste. Men på den lune skogbotnen er det framleis råd å finne ein og annan sopp som er fin nok til å leggje i korga.

soppx3 (1)

Kantarell og bleik piggsopp er gamle kjenningar, men då eg var på soppkurs tidlegare i haust, vart eg trygg på traktkantarellen òg. Når du fyrst finn han, er det gjerne rikeleg av han, so han er godt korgfyll.

soppx3 (2)

Og so får heller dei snigleetne skivesoppane av ukjend art bli ståande og setje farge på tilveret.

soppx3 (4)

Myrhausting

Myrhausting

Vi skulle berre gå ein kjapp rusletur over myra og over nokre små bergrabbar, berre so snarast rette ryggen og nyte haustsola som kikka fram. Men der såg vi brått nokre modna einerbær, og der var det plutseleg eit tytebær ein hadde oversett førre gong ein gjekk forbi. Og sanneleg var der ikkje ein bleik piggsopp mellom lyngen der! So lyt vi berre løfte på bregnene litt her, og so må vi berre bort til den buska og sjekke der. Og slik vart turen meir enn dobbelt so lang.

Admiral i naud

No når hausten er komen på ordentleg, med regn og ullhøvelege temperaturar, blir det ein og annan tur inn i den gamle fjøsen for å hente ved. Men noko som er heller uvanleg å sjå på vedhentingsekspedisjonane, er sommarfuglar i naud. Denne admiralen (Vanessa atalanta) hadde forvikla seg inn i ein spindelvev, og dei klebrige trådane hadde klistra saman vengjene hans. Han hang som daud.

Sjølv om synet var vemodig, var det òg ein del av meg som tykte at det var eit syn ein ikkje berre kunne snu ryggen til og gå ifrå. Det burde forevigast gjennom ei kameralinse. Eg henta kameraet. Trekken frå den halvopne døra fekk sommarfuglen til å snurre roleg rundt i edderkopptråden, og eg starta med å fange den stille rørsla på levande film. Men so skjedde det noko. Det eg trudde var eit livlaust skal, strekte på eine beinet. Snart tok følehorna og resten av føtene til å bevege seg òg, prøvande.

Augneblinken etter var redningsaksjonen i gong. Eg heldt fram handa so han fekk noko å klamre seg til, før eg kneip av tråden som heldt han fast. Edderkoppar spinn solide reip med godt klister, so det tok litt tid å reinske dei skjøre sommarfuglvengjene. Men når det endeleg var gjort, kunne admiralen låne kroppsvarmen min medan han kom seg til hektene att.

screenshotKlårt (3)IMG_2576

Katt i vindaugskarmen

I haust fekk familien seg katt. Sjølv om eg i høgste grad er hundemenneske, so tok det ikkje lang tid før denne kjetta hadde sjarmert meg storleg. Det gjorde ho eigentleg allereie då eg fekk ho i armane for fyrste gong, og ho berre let seg halde utan å vere verken redd eller stressa. Til dagen bur ho heime på garden, men for litt sidan tok ho turen nedom i Birkelandshuset for å bli passa medan opphavet var på langtur.

Katt i vindaugskarmen (2)

Vindaugskarmen vart raskt ein favorittplass å leggje seg. Men karmen var ikkje brei nok for både katt og stein, og det var berre so vidt eg fekk redda dei elveslipte steinane frå å dette i golvet.

Katt i vindaugskarmen (1)

Altanen var heller ikkje so verst, og i ein aldri so liten augneblink var den engelske klassikaren The Trumpet Major av ei viss interesse.

Katt i vindaugskarmen (3)

Men det aller beste var å liggje i ein krok og glippe med auga medan solstripene varma pelsen.

Støylsovernatting i mars

Dette året kom den fyrste overnattingsturen på støylen allereie i mars. Førre fredag pakka eg kofferten etter jobb, og i mørkret vart eg skyssa opp på støylen. Etter å ha sett frå seg bagasjen, stabla provianten i kjøkenskåpet og henta vatn i den vårstore elva, var det endeleg klart for å fyre i omnen. Der er elektrisitet i selet, og ein varmeomn sørgde for at det ikkje var alt for kaldt, men ingenting er som god, mjuk vedvarme.

IMG_9058IMG_9075

Når ein er åleine i selet, og spesielt når det er so tidleg på året at det tek tid å få varma opp soverommet, er sofaen akkurat passeleg som soveplass.

IMG_9067 (2)

Morgonen etter kunne ein vakne til lett regn på taket, men utover føremiddagen kom sola og openberra dei vakre vekstane ute på støylskvia: påskeliljer i knopp og ein gul sopp som kanskje er ein slags gelésopp.

IMG_9082IMG_9090

Men snart kom både regn og skodde og hagl. Då var det godt å sitje inne med høveleg lektyre, god utsikt og triveleg selskap i ein smal kveldsviklar som kvikna til og spankulerte i glaskarmen.

IMG_9096IMG_9100IMG_9109

Litt utpå dagen kunne ein lure på om naturen tok til å gå baklengs attende i vinteren, men det vart med nokre kortavarige snøbyger. Snøflaka forsvann dessutan so snart dei traff den framleis solvarme bakken.

IMG_9105IMG_9119

Tre handarbeidsprosjekt

Det er fort gjort at lageret av garn og tekstilar aukar raskare enn ein klarer å gjere noko med det. Noko er slikt som berre kan vere kjekt å ha, i tilfelle det dukkar opp noko, medan andre stoffbitar og garnnøste har ein heilt klåre planer for kva det skal bli til. Det gjeld berre å lage seg tid til å gjennomføre. I året vi relativt nyleg er byrja på, har eg valt meg ut tre prosjekt som eg ynskjer å starte på og/eller fullføre.

1. Dette Alafosslopi-garnet skal bli til ein villmarksgenser.

2019-prosjekt (3)

2. Nokre meter petrolfarga twill skal bli til ei kortebukse eller ei bukse eller begge deler med mønsteret M7726 frå McCall’s.

2019-prosjekt (1)

3. Det blågrøne bomullsgarnet kjøpt på Hillesvåg Ullvarefabrikk sitt nettutsal skal vonarleg bli ei strikkajakke som kanskje kan passe attåt den ovanfor nemnde (kort)buksa.

2019-prosjekt (2)