Songar i seinsommarmørkret

Blå himmel kan tidvis skimtast mellom regnskydekket, medan skoddestrimlar ligg langs fjellsidene. Skogen er framleis dominert av ein metta grønfarge, men her og ser ser ein spettar av gylne lauvkroner. Mørkret kjem litt tidlegare kvar kveld og gjer det mogleg å sjå ei og anna stjerne når ein rettar blikket mot himmelen før ein legg seg. No er hausten innan rekkevidde. Endeleg.

Om hausten blir ein dregen litt ekstra mot mjuke, melankolske låtar. Her er tre:

«Still My Body Aches» av Thomas Dybdahl

«Står meg av» av Frida Ånnevik

«What He Wrote» av Laura Marling

Nynorsk 60-talslitteratur

Leselysta, som har vore på ferie i fleire veker, kom endeleg attende i helga som var. Utan å tenkje over det, vart det til at eg plukka ut og las to bøker som har det til felles at dei er utgjevne på 60-talet, er skrivne på nynorsk og er skrivne av forfattarar som har skrive mykje fælt (i tydinga veldig gode bøker).

Den fyrste boka eg tok tak i var Tarjei Vesaas sin roman Bruene (1966). Her møter vi to attenåringar som har vakse opp saman og som aldri har lengta etter andre enn kvarandre, til foreldra si store glede. Men i løpet av boka og etter eit ubehageleg funn i skogen, oppdagar dei at bandet mellom dei kanskje ikkje er so uforanderleg som det har sett ut til.

image

Den andre boka eg las er skrive av ein sambygding – og det er jo litt ekstra stas! Knut Gjengedal skreiv trasige vaksenbøker og litt meir lettlynte barnebøker. Mine fjell og mine dalar (1961) høyrer til sistnemnde kategori. Ved å følgje to gutar frå dei er ti til dei er tretten, får vi høyre om korleis hovudkålen kom til ein avsidesliggjande dal i 1910 og om korleis det var å feriere høgt til fjells fyrst i førre hundreår. Dette var mi fyrste Gjengedal-bok, men det blir ikkje den siste.

image

Begge bøkene var fin haustlesnad og kan anbefalast dersom du er nyfiken på nynorsk litteratur frå 1960-talet, eller om du tykkjer bygde-Noreg på midten av 1900-talet er ei interessant tid å lese om.

Karen Davis

Til tider resulterer verdsvevvandringar i uventa ting, og ein hende gong er dette uventa noko ubeskriveleg vakkert. Då eg for ei tid tilbake oppdaga måleria til kunstnaren og illustratøren Karen Davis, verkte det litt i hjartet av berre glede! Fargane, komposisjonane og den drøymande stemninga trollbatt meg totalt, og det gjekk ikkje lang tid før eg hadde bestemt meg for kva som skulle bli årets gebursdagsgåve til meg sjølv.

Og då sendinga kom i postkassa, kven var det som gløymde det der med at det skulle vere gebursdagsgåve? Jau, eg kom ikkje på det før eg hadde opna konvolutten. Men med noko so fint i pakken, lyt det vere lov å gløyme seg litt.

Karen Davis (2)Karen Davis (1)Karen Davis (4)

Om du har litt tid til overs, kan eg verkeleg anbefale å stikke innom heimesida eller etsy-butikken hennar.

(n. one who has returned, as if from the dead.)

img_6348-2img_6352-2Nyttårsaftan tjuvstarta eg leseåret 2017 med å lese dei fyrste sidene av The Revenant av Michael Punke, og allereie etter det innleiiande kapittelet vart det klart at dette kom til å bli ei engasjerande lesaroppleving.

Utan å røpe særleg meir enn at boka handlar om ein mann som søkjer hemn etter å ha blitt etterlatt for å døy, vil eg rose Punke for å ha sett saman ei veldig fascinerande og uforutsigbar historie. Vidare manar skildringane i romanen fram veldige landskap – både i den nordamerikanske naturen og i sjølve mennesket – utan å bruke unødig mange ord og alt for tydeleg forseggjorte vendingar. Prosaen er vakker, tidvis elegant og på grensa til var og poetisk, men den held seg heile tida uanstrengt. Og eg trur det er noko av hovudgrunnen til at den er sopass kraftfull som den er. Forteljaren røper aldri for mykje, berre akkurat nok til å halde på spenninga, men tviheld ikkje på informasjonen ein som lesar ynskjer å få vite.

Høver veldig godt til mørke vinterettermiddagar og -kveldar, der alt du skimtar der ute er snøfnugga som blir synlege i lyset frå stova.

Swan

Anten snøen dalar ned utfor glaset eller om novembermørkret lukkar huset inne, er det å finne fram ei vakker biletbok ein fin måte å gjere dagen eller kvelden endå litt trivelegare på. Ei bok eg nyleg fann tak i og som eg gjerne vil anbefale til ei slik biletbokstund, er Swan: The Life and Dance of Anna Pavlova av Laurel Snyder (forfattar) og Julie Morstad (illustratør).

Med effektfulle og vakre oppslag og minimalt med tekst (som heldigvis blir utdjupa bakerst i boka), formidlar Snyder og Morstad livet til ballerinaen Anna Pavlova på ein behageleg og stemningsfull måte. Og sjølv om min ballettperiode i barndomen  var veldig kortvarig samanlikna med t.d. steinalderperioden, so tok eg meg sjølv i å drøyme meg tilbake til den tida då tyllskjørt måtte vere det desidert finaste plagget ein kunne ha, den tida då armane rett som det var fór opp og ut i lufta i keitete forsøk på å vere ein grasiøs dansar.

Lat oss no berre nyte nokre utdrag frå boka:

imageimageimageimage

God biletbokstund (anten det er i einsemd eller i selskap med små og/eller store)!

Eit haustdikt

Mellom bestefar sine notat og avisutklipp, kom eg i sommar over dette diktet skrive av Ragnvald Vaage. No når hausten er meir enn halvvegs passert og mørkret kryp nærare inn på dagen i begge endar, er det vel på tide å hente det fram att og dele det.

vaage-10

Diktet er henta frå samlinga Heim frå havet, gjeve ut av Det Norske Samlaget i 1965.

Lesestoff til langdryge dagar

Forkjøling, influensa og anna sjukdom er ikkje ukjende fenomen no om hausten, og av og til blir dei hengjande ved ein litt lenger enn ein skulle ynskje. Når sjukdomsforløpet blir litt vel langt og gjer dagane langdryge, då gjeld det å finne fram dei tinga som gjer timane lettare og trivelegare. Ei god bok eller to, til dømes! Under følgjer ei kjapp liste over nokre av dei tekstane som etter mi erfaring fungerer ypparleg til trøyst og oppmuntring.

  • Forteljingane om Ole Brum: nostalgisk, tilforlateleg og tidvis overraskande skarpt.
  • Tove Jansson sine bøker (både for born og vaksne): fulle av livsvisdom, treffande karakterskildringar og underfundige dialogar.
  • Den lille prinsen: sår, filosofisk og trøystande.
  • Olav H. Hauge sine dikt: observasjonar og refleksjonar som trekk linjer mellom det nære kvardagslivet og tankar på vandring.
  • Sprint: fransk-belgisk teikneserie frå øvste hylle, med triveleg persongalleri og handlingsforløp som byr på både interessante og oppfinnsame vendingar.

What Green Feels Like

I 2015 kom den britiske musikaren Eaves (Joseph Lyons) med debutplata si What Green Feels Like. Hadde det ikkje vore for at han ikkje eingong er halvvegs til femti, skulle ein nesten tru albumet eigentleg vart til for fleire tiår sidan, og at dei ferdig innspelte songane hadde blitt liggjande i ein lun krok kor dei hadde modna og fått fylde, i tillegg til å ha tørka på seg nokre sprekker og velplasserte skurringar. Men det er alto eit menneske på min eigen alder som har snikra saman denne debuten, og eg er verkeleg imponert.

Lydbiletet er rikt og fullt av nyansar: Ein finn både mjuke, stillferdige songar som «Timber» og tyngre låtar som «Pylons». Og ein del av songane, som «Hom-A-Gum» og «Purge», går frå den eine enden av spekteret til den andre og attende, ispedd nokre instrumentelle krumspring. Det gjer at albumet blir langt frå einsformig, sjølv om det er eit tydeleg slektskap mellom dei enkelte lydspora. Eaves sine tekstar av høg kvalitet og den lune og rå stemma hans bind det heile saman på ein stødig måte som samstundes opnar opp for meir leikande musikalske innslag.

Anbefalast på det varmaste!

Sommarlesnad

Dei siste dagane har vore av den typen som festar seg i barnesinnet og blir prototypen på skikkeleg sommar. Når termometeret syner godt over tjue og sola skin, er det herleg å vere ute og nyte det medan ein kan, men varmen gjer òg at ein etter kvart har ein tendens til å søkje skuggen. Og noko av det mest fornuftige og behagelege ein kan gjere i skuggen er å lese. På sommardagar som vi har no er det ein særskild type litteratur eg lengtar etter: Eg vil lese om farlege ekspedisjonar ut i det ukjende og risikofylde foretak som skattejakt og gullgraving.

Om ein er i det nostalgiske hjørnet, høver det særskilt godt å lese Don Rosa sine historier om Skrue McDuck sin ungdom. Det Don Rosa har gjort med ein i utgangspunktet ufyseleg teikneseriekarakter er verkeleg flott, tykkjer eg. Forholdet mellom Gylne Gulda og Skrue er for øvrig den beste litterære romansen eg veit om.

Sommarlesnad (2)Sommarlesnad (1)

Og om ein er lysten på ein gullgravarroman, so er Skatten i Sierra Madre av B. Traven ein god kandidat. Vel og merke er det ein tekst med i overkant moraliserande og fordomsfulle undertonar, men den er likevel skriven på ein måte som gjer det til underhaldande sommarlesnad.

Sommarlesnad (3)