Vårskog

IMG_4020

Etter veker med regn, gråvêr og vårsnø som gjorde sitt for å halde mange turstader utilgjengelege, var det brått ein dag med skyfri himmel, vindstille og skinande sol. So då bar det til skogs og opp i høgda so langt ein kom før ein nådde att snøen som vonarleg er i ferd med å pakke sekken og reise nordover.

Og i tretoppane og på bakken stod våren klar til å ta over marka.

IMG_3994IMG_4100

Dagmåne

Det har vore ein mild og våt vinter, men no og då har der vore dagar som har forsikra ein om at ein ikkje har hoppa rett over til våren. Dagar med knallblå himmel, bleik dagmåne og snøflukser som fer i byger bortetter liene og over vatna. Dagar med tjukkelabbar i støvlane, sporsnø, og ein og annan fugl som bles seg opp til dobbel storleik for å halde varmen. Dagar der gul lav lyser opp i det grå, der høge bildurar blir dempa og stille kviskringar forsterka.

IMG_3571IMG_3589IMG_3617IMG_3632IMG_3574

Julaftan 2019

Julaftan, ein gong mellom, Tre nøtter til Askepott og kveikjing av lys på gravene, var det høve til å gå ut og sjå korleis det stod til med verda utanfor. Som i dei fleste hus, var det julestemning å finne òg ute i naturen.

På eit naust var der til dømes ein kledeleg krans som pynta opp ein elles bleik vegg…

IMG_3107

Bøane var dekte av frostglitter…

IMG_3135

På klungeren var det fleire julekuler i den høvelegaste fargen…

IMG_3180

I elva var der modernistiske isskulpturar…

IMG_3166

Snøen gjode sitt for å gjere sentrum i bygda om til ein julelandsby av den typen du finn som miniatyr i butikkane…

IMG_3151

Og fjorden var liksom av djupt grønt glas.

IMG_3194

Matauk frå skogbotnen

Det lir utpå hausten med frost og låg sol, so soppsesongen er på det siste. Men på den lune skogbotnen er det framleis råd å finne ein og annan sopp som er fin nok til å leggje i korga.

soppx3 (1)

Kantarell og bleik piggsopp er gamle kjenningar, men då eg var på soppkurs tidlegare i haust, vart eg trygg på traktkantarellen òg. Når du fyrst finn han, er det gjerne rikeleg av han, so han er godt korgfyll.

soppx3 (2)

Og so får heller dei snigleetne skivesoppane av ukjend art bli ståande og setje farge på tilveret.

soppx3 (4)

Naturhage

Ein kan fundere og eksperimentere til ein blir blå og likevel ikkje heilt finne utav kva plantar som skal kor i hagen. Ein lurer på kva blome som passar attåt den busken, ein lurer på om den nye rosebusken skal vere raud eller rosa, ein lurer på om grønsakene står i rett jord, ein lurer på kva laukblomar som er avblomstra innan ein må slå plenen, ein lurer på kor mange plometre det er plass til mellom to bærbusker.

Og so fer ein på ein tur langs fjorden og ser den aller vakraste hageplanleggjinga, der det ikkje ligg ein einaste overtenkt tanke bak. 

Stort og smått

Å gå ute i terrenget er ei balanseøving. Ikkje berre for musklar og ledd som skal halde deg oppreist, men òg for blikk og tanke. Hugs å sjå opp og sjå deg rundt, ta inn fjella som krinsar deg og himmelen som kvelvar seg over deg og er i stadig endring. Pass på å feste auga til ubetydelege grasstrå, lat deg distrahere av den mest umerkelege rørsla i vasskorpa. Gå i di eiga verd og vit at du deler ho med eit mylder av andre.

Små kryp i stort landskap (1)Små kryp i stort landskap (2)Små kryp i stort landskap (3)Små kryp i stort landskap (4)Små kryp i stort landskap (6)Små kryp i stort landskap (5)Små kryp i stort landskap (7)Små kryp i stort landskap (8)

Støylsovernatting i mars

Dette året kom den fyrste overnattingsturen på støylen allereie i mars. Førre fredag pakka eg kofferten etter jobb, og i mørkret vart eg skyssa opp på støylen. Etter å ha sett frå seg bagasjen, stabla provianten i kjøkenskåpet og henta vatn i den vårstore elva, var det endeleg klart for å fyre i omnen. Der er elektrisitet i selet, og ein varmeomn sørgde for at det ikkje var alt for kaldt, men ingenting er som god, mjuk vedvarme.

IMG_9058IMG_9075

Når ein er åleine i selet, og spesielt når det er so tidleg på året at det tek tid å få varma opp soverommet, er sofaen akkurat passeleg som soveplass.

IMG_9067 (2)

Morgonen etter kunne ein vakne til lett regn på taket, men utover føremiddagen kom sola og openberra dei vakre vekstane ute på støylskvia: påskeliljer i knopp og ein gul sopp som kanskje er ein slags gelésopp.

IMG_9082IMG_9090

Men snart kom både regn og skodde og hagl. Då var det godt å sitje inne med høveleg lektyre, god utsikt og triveleg selskap i ein smal kveldsviklar som kvikna til og spankulerte i glaskarmen.

IMG_9096IMG_9100IMG_9109

Litt utpå dagen kunne ein lure på om naturen tok til å gå baklengs attende i vinteren, men det vart med nokre kortavarige snøbyger. Snøflaka forsvann dessutan so snart dei traff den framleis solvarme bakken.

IMG_9105IMG_9119

Fyrste mars

Fyrste mars på berr mark og i open skog, med utsikt over spegelblanke småvatn. Bleikt ettermiddagslys følgjer med over i tidleg kveld, for det er den vegen det går no. På morkne stokkar og ved hjorteråsa, der vegetasjonen tek overhand om sommaren, kan ein sjå detaljar som ei fin kjuke. Ein stad ligg dei blåskimrande restane etter at ein rev eller ein mår hadde tordivelgilde ein gong i fjor. Og myrane er som måla med Kittelsen sine strøk.

IMG_8936IMG_8942IMG_8949IMG_8960IMG_8967 (2)