Skoddevandring

I fleire dagar låg skodda over bygda. Somme stader var ho slørtynn med eitt og anna holrom som ein kunne sjå himmelen gjennom, medan andre stader var ho tjukk som graut. Og vi oppsøkte den tjukkaste skodda vi kunne finne. Alt blir annleis og forvridd og eldgamalt når du ser det heilt eller delvis i skodda.

To tre skilde seg ut som ein port i byrjinga av skogsvegen.

Skoddevandring i november (1)

Mellom nokre tuer kunne ein skimte fire krokrygga karar – eller var det berre ei einerbuske med sprikande stammar?

Skoddevandring i november (2)

Ved tjønna var det berre so vidt ein kunne skimte hi sida, og ein laut tillate seg å nesten innbille seg at nøkken kunne stige opp på land kvar augneblink.

Skoddevandring i november (3)

Eller kanskje hadde nøkken alt gjort seg om til ein kvit hest som kom travande bortover myra?

Skoddevandring i november (4)

Om ein trong noko å halde fast i, kunne ein ta tak i ei smukk bjørk som stod i vasskanten.

Skoddevandring i november (7)

Og ein kunne skode rundt seg og gløyme tida og alt som ligg bortanfor det ein ser.

Skoddevandring i november (5)

Utav den vesle furukledde haugen kunne det fort sprette opp eit følgje med haugfolk med ølkaggar og spekekjøtlår på slep.

Skoddevandring i november (6)

So var det opp att på vegen, slik at ein ikkje gjekk seg vekk i skodda og trolldomen.

Skoddevandring i november (8)Skoddevandring i november (9)

Grashoppeobservasjonar 2018

Som regel er kameraet med når eg er på tur, so lenge det ikkje er veldig mykje regn eller ein skal stader der det er upraktisk å ta med seg eit stort og klumpete fotoapparat. Ein junidag i 2016 var ein slik tur, der kameraet vart liggjande att heime. Det var òg den dagen eg fann ei fantastisk fin grashoppe. Eg prøvde å memorere utsjånaden hennar so godt som mogleg, men observasjonane mine var nyttelause då eg seinare leita gjennom Naturhistorisk museum si oversikt over norske grashopper.

Sidan då har eg alltid teke med meg kameraet når eg går i området kor eg fyst såg grashoppa, i håp om å finne att den finurlege skapnaden. Og 23. juni 2018 fekk eg endeleg tak i ho – og det var ikkje berre ei. Eg møtte fleire som meir eller mindre velvillig let seg fotografere, slik at eg hadde rikeleg med dokumentasjon til identifisering.

Det synte seg å vere ei myrgrashoppe (Chorthippus montanus).

Grashoppeobservasjonar (3)Grashoppeobservasjonar (1)Grashoppeobservasjonar (2)

30. august fann eg att eit eksemplar av arten eit godt stykke frå der vi tidlegare har funne dei. Ein kjærkomen bonus!

IMG_6007

Fyrste haustdagen

Det kjennest ut som om hausten har regna heilt vekk. Heldigvis har ein biletprov som syner at det jo har vore nokre fine haustdagar, sjølv om det har vore langt mellom dei. Den fyrste offisielle haustdagen var særskilt fin.

Myrvegetasjonen fekk raskt haustfarge dette året, og stod godt til dei framleis grøne fjellsidene.

Blikkfang fyrst på hausten (4)

Innimellom fann ein bartre som kamuflerte seg som eksotiske blomar…

Blikkfang fyrst på hausten (3)

Og nokre svulma av knutar som kanskje ein gong kan bli skåler. Skulle berre hatt den dreiebenken.

Blikkfang fyrst på hausten (5)

Nede i torva låg ei lita padde som nesten såg ut som ein sjokoladefrosk.

Blikkfang fyrst på hausten (2)

Litt lenger oppe i høgda fekk ein verkeleg nyte det frodige spekteret av fargar: raudt, oransje og gult på myra, grønt i trekronene og blåe fjell i bleik dis.

Blikkfang fyrst på hausten (6)

I tillegg til dei ovanfor nemnde fargane, kom vi over nokre soppar som var nesten neonrosa. Ganske fantastisk.

Blikkfang fyrst på hausten (7)

Det aller vakraste var likevel å finne dette gamle fuglereiret innåt stammen på ein ung einer.

Blikkfang fyrst på hausten (8)

Perfekt augustvêr

Med gode meldingar for måndagen, føreslo grannen at vi skulle ta ein tur for å kike etter fuglar. Det finst jo knapt betre måtar å nytte ein godvêrsdag i august, so etter jobb tok vi turen opp til ei tjørn kor grannen tidlegare på sommaren hadde sett både lom og ender.

teturvedlangevatnet (8)

Fuglekiking ein jo eintydande med ein del venting, men grannen er rutinert og hadde med seg ein kortstokk.

teturvedlangevatnet (2)teturvedlangevatnet (3)

Etter ein sommar med konstant skogbrannfare, var det befriande å kunne tenne på primusen og koke tevatn på staden. Det gjorde dessutan godt med noko varmt når ein sat i ro og speida utover vassflata og trea rundt.

teturvedlangevatnet (4)

Etter kvart som kvelden nærma seg, kunne vi høyre kyrabjøller som kom stadig nærare, og til slutt kom dei over bakkekanten og såg noko undrande på oss. Vi hadde visst sete oss midt i råda dei brukte når dei skulle ha seg ein kveldssup med vatn!

teturvedlangevatnet (5)

So då laut vi vandre nedover att til det større vatnet kor lomen hadde bestemt seg for å halde seg denne dagen.

teturvedlangevatnet (6)teturvedlangevatnet (7)

Sjølv om det ikkje var særleg med fugl ved tjørna (vi såg nokre traster og høyrde ein hakkespett som vi ikkje fekk auge på), kunne ferda til og frå by på fleire artsobservasjonar. I alt såg vi ein smålom og tre ramnar i krangel med ein hauk – og høgdepunktet var ein flott raudrev.

Holsstøylen

Frå heimdalen min kan ein sjå ein liten støyl høgt oppe i på eit bratt fjell, og i helga som var fekk eg endeleg teke turen opp dit og sett nærmare på dei og landskapet som ligg skjult innover den vesle fjellheimen.

Holsstøylen (12)

Og eg fekk dessutan sett heimdalen frå ein ny vinkel!

Holsstøylen (11)

Når ein berre var komne opp i høgda (600 meter over havet og vel so det), flata landskapet ut og vart riktig so innbydande. Trass i steikande sol og lite skugge, var det lettleg å gå i den tørre lyngen og på grå steinar.

Holstøylen (13)Holsstøylen (7)

Og brått var vi (guiden min og eg) ikkje dei einaste som rørde på seg i landskapet: ei fjellrype trippa rundt og prøvde å distrahere oss frå dei tre kyllingane hennar som låg og trykte på bakken. Men vi fekk auge på dei og rakk å fotografere ein av dei på nært hald. So let vi dei vere.

Holsstøylen (13)

Innover fjellet var det haugar og små dalar, og her og der låg det små vatn med bekkar rennande mellom seg. Turens høgdeppunkt var den meandrerande elva nedanfor nokre strie stryk, der det var fullt av runde steinar, toreloar. Vi skulle heldigvis ikkje gå noko særleg mykje høgare, so det gjekk an å ta med seg nokre fine eksemplar i sekken.

Holsstøylen (6)Holsstøylen (5)

Endeleg kom regnet

Endeleg regn, etter ein månad med sol og varme og skyfri himmel! Fyrste fridag etter det fyrste regnskyllet vart kofferten pakka, og so bar det til støyls.

IMG_3592

I dei korte mellomromma mellom to regnbyger passa det fint å ta ein rusletur langsved elva for å sjå på vekstane som skein grønt i det friske vêret.

IMG_3684IMG_3678

Brått var det pittelitt blå himmel i det fjerne, men det kom raskt nye skyer som fylde att tomrommet.

IMG_3696

Fuglesongen låg over landskapet like tjukt som elvesuset, men det var ikkje lett å få auge på dei. Linerlene var dei einaste som sette seg synleg til, og då var det høve til å kikke på dei gjennom kikkerten.

IMG_3654

Når regnet jaga ein innandørs var det aller best å sitje i godstolen ved vinauget og veksle mellom å lese, drikke te og å berre sjå ut på dei fine fjella rundt støylen. Og kanskje kom der noko buskap forbi?

IMG_3625IMG_3614IMG_3698

Og når det tromma som verst på taket og trea rundt selet, var det ekstra triveleg å gå ut på bislaget ikledd stilongs og ulltrøye for å verkeleg få med seg kor mykje vatn som kunne kome på ein gong.

IMG_3707IMG_3734IMG_3711

Leigebuarar i lada

For andre året på rad, har eit kattuglepar laga reir i lada på garden der eg vaks opp. No har ungane forlate reiret, men dei er framleis innomhus medan foreldra er ein stad i skogen og leitar etter mat. Og når dei vaksne er ute, er det fint å ta seg ein tur opp og sjå om ein får auge på dei. So langt har vi møtt to av ungane, som på dette stadiet liknar dunete skrømt. Dei er veldig gode på å sitje i ro, samtidig som dei er veldig tydelege på kor nært dei vil ha oss menneske.

Kattugleunge