#syhelgihyen

Regntunge helger blir langt frå kjedelege når ein har ein tiltaksam granne på hi sida av vegen som inviterer til sosial samankomst i garasjen. Førre helg var Smed-garasjen fyld med trivelege damer, fargerike stoff og symaskindur som ikkje klarte å overdøyve søgen som gjekk rundt langbordet.

#syhelgihyen (1)#syhelgihyen (2)

I tillegg til å stille med rom og straum, diska grannen opp med lokaloppdretta regnbogeaure og salat, og fleire av syhelgdeltakarane hadde teke med seg noko å smake på. Eit gildt gilde, vart det!

#syhelgihyen (3)

Når ein er i godt lag og kan sy saumar og prate og ete god mat, treng ein eigentleg ikkje noko meir. Men det gjer jo ikkje noko at verten hadde pynta opp bilmekanikargarasjen med lyslekkjer og stoffgirlanderar.

#syhelgihyen (7)#syhelgihyen (5)

Og til mørkare det vart utanfor, dess lysare vart det inne. Det var nok mange som lurte på kva som gjekk føre seg desse kveldane, og dei skulle berre visst!

#syhelgihyen (6)

Morgonfugl

RaudstrupeI går tidleg, då eg var på veg ut døra for å gå på jobb, kom denne unge raudstrupen inn på bislaget. Han såg ikkje ut til heilt å skjøne dette med gjennomsiktige vindauge, so han prøvde utan hell å kome seg ut i eine hjørnet av bislaget. Han verka for å vere av den meir avslappa typen, slik at eg fekk tak i han utan noko form for stressande lyder og rørsler. Heldigvis bar han ikkje preg av verken brot eller hjernerysting, so han fauk lett av garde når han berre vart synt fram til inngangen.

Perfekt augustvêr

Med gode meldingar for måndagen, føreslo grannen at vi skulle ta ein tur for å kike etter fuglar. Det finst jo knapt betre måtar å nytte ein godvêrsdag i august, so etter jobb tok vi turen opp til ei tjørn kor grannen tidlegare på sommaren hadde sett både lom og ender.

teturvedlangevatnet (8)

Fuglekiking ein jo eintydande med ein del venting, men grannen er rutinert og hadde med seg ein kortstokk.

teturvedlangevatnet (2)teturvedlangevatnet (3)

Etter ein sommar med konstant skogbrannfare, var det befriande å kunne tenne på primusen og koke tevatn på staden. Det gjorde dessutan godt med noko varmt når ein sat i ro og speida utover vassflata og trea rundt.

teturvedlangevatnet (4)

Etter kvart som kvelden nærma seg, kunne vi høyre kyrabjøller som kom stadig nærare, og til slutt kom dei over bakkekanten og såg noko undrande på oss. Vi hadde visst sete oss midt i råda dei brukte når dei skulle ha seg ein kveldssup med vatn!

teturvedlangevatnet (5)

So då laut vi vandre nedover att til det større vatnet kor lomen hadde bestemt seg for å halde seg denne dagen.

teturvedlangevatnet (6)teturvedlangevatnet (7)

Sjølv om det ikkje var særleg med fugl ved tjørna (vi såg nokre traster og høyrde ein hakkespett som vi ikkje fekk auge på), kunne ferda til og frå by på fleire artsobservasjonar. I alt såg vi ein smålom og tre ramnar i krangel med ein hauk – og høgdepunktet var ein flott raudrev.

Treskjeringsinspirasjon

Treskjering er ei riktig so spennande handverksform. Enkelt trevirke kan få dei mest intrikate former dersom jarna er gode og treskjeraren maktar å bruke dei. Då eg so smått har teke til å prøve meg på treskjering, er det ekstra interessant å studere. Gamle stavkyrkjer er verkeleg for skattekister å rekne når ein er på leit etter inspirasjon, og i løpet av sommaren fekk eg vitja og samla motiv frå to kyrkjer.

Den fyrste stavkyrkja eg vitja var på Maihaugen på Lillehammer. Grøne menn, på engelsk kalla green men eller woodwose, er desidert mitt favorittmotiv, og på to av søylene mellom kyrkjeskipet og koret var dekorerte med to store andlet omkransa av lauv.

Treskjeringsinspirasjon (1)

På altertavla var det flust av bordar og kransar og lauv, so ein kunne bli reint svimle av alle dei ulike formene.

Treskjeringsinspirasjon (2)

Den andre stavkyrkja eg var innom, var den i Vågå. Og der var det verkeleg mykje å rette merksemda mot! Ved inngangspartiet vart ein møtte av desse drakane som snodde seg rundt kvarandre.

Treskjeringsinspirasjon (3)

Inne i skipet var dei fleste benkane pryda med ein fargesprakande fugl inn mot midtgangen. Ved fyrste augekast var dei alle like, men når ein såg nærare etter, hadde alle sitt særpreg. Rundt dei var det snirklar og band og andre dekorative element som var med på å gjere kvar og ein av dei unike.

Treskjeringsinspirasjon (4)

I Vågå kyrkje var det òg ulike typar lauv og intrikate mønster som kunne få ein til å måpe litt.

Treskjeringsinspirasjon (6)Treskjeringsinspirasjon (5)

Som ein bonus var fleire av gravstøttene på gravplassen hogne til med vakre akantus-blad, som sikkert hadde gjort seg fint i trevirke òg.

Kirsebær

I hagen står det eit gamalt, grått og kvistflokete kirsebærtre. Det har alltid bore mykje frukt som glimer raudt og freistande, men når ein smakar på dei har dei vist seg å vere sure og lite vits i å ete. Dei treng mykje lenger tid enn morellane på å få sødme i seg, og innan dei er gode er sommaren over og vi har gløymt heile treet.

Men i år, med sol som har godgjort kirsebæra i vekesvis, vart dei mørke og saftige og søte – perfekte til å lage sylte av! So treet lyt nok få stå nokre år til.

Sist i juli (3)

Rosegelé

Prestegardsrosene kom uvanleg tidleg denne sommaren, og aldri har dei vore so frodige. Dette laut ein vel kunne nytte på nokon måte? Etter litt leiting i bokhyller fann ein boka Ut på bærtur, og der fanst det ei oppskrift på rosegelé!

For ordens skuld, so er biletet under frå i fjor sommar og illustrerer korleis dei kvite rosene vanlegvis ser ut – i år var eg so oppteken med å nyte synet av dei med det blotte auget at eg heilt gløymde å forevige synet av dei.

Forunderleg hagevandring (2)

Og denne tjukke sommarfugllarven fekk sjølvsagt vere att på busken.

Rosegelé (1)

I eit forsøk på å få litt farge i miksen (oppskrifta sa eigentleg at det skulle vere raude roseblad), tok eg med kronblada frå den siste halvfalma blomen på «Sophia Rennaissance»-busken. (Men for å få noko særleg farge laut eg til slutt ty til nokre dropar konditorfarge).

RosegeleRosegelé

Alle syltetøysglasa var fulle av rabarbra- og jordbærsylte, men etter ei lita jakt etter høvelege kuks, fann eg farmor sine gamle mokkakoppar.

Rosegelé (4)

Eg visste ikkje kor mykje gelé det kom til å bli, men av og til har ein flaks. Det vart akkurat nok til å fylle kvar av dei seks mokkakoppane!

Rosegelé (5)Rosegelé (6)

Eg hadde håpa på at geléen skulle kunne maulast som dessert, men smaken var litt for kraftig til det. Men den smakte ypparleg saman med salte kjeks og Port Salut-ost.

Kalas på støylen

I ei lita bygd er det ikkje alltid ein har jamaldringar i grenda, og endå sjeldnare er det at der er fødde tre menneske det same året. Men for 25 år sidan kom det tre hopsarar til verda. Det brukte vi som påskot til å lage til 75-års-kalas på støylen.

kalas (8)kalas (9)

Dekoren var ei blanding av tropisk festival, barnegebursdag og støylspynt. Sjeldan har Hopssøylen vore so fargerik! Og det er ei stund sidan sist der var so mykje mat og kaker og snop.

kalas (2)kalas (10)

Vi kunne ikkje vore heldigare med dagen og vêret, og det er so fint når ein får full utteljing på all planleggjing og tilretteleggjing!

kalaset

God søg gjorde aktivisering unødvendig, men dei fleste vart med då vi likevel sette i gong med setje-hale-på-grisen. Ingen traff, men alle lo. Og som seg hør og bør, vart det premie (i form av ein sjokolade) til dei tre som var nærmast.

kalas (4)

Sidan festen vart halden på støylen, var det sjølvsagt ikkje aktuelt å forlate åstaden utan å skrive seg i støylsbøkene som var lagde fram. Det blir moro å sjå attende på gjestelista når vi fyller 50!

kalas (7)

Holsstøylen

Frå heimdalen min kan ein sjå ein liten støyl høgt oppe i på eit bratt fjell, og i helga som var fekk eg endeleg teke turen opp dit og sett nærmare på dei og landskapet som ligg skjult innover den vesle fjellheimen.

Holsstøylen (12)

Og eg fekk dessutan sett heimdalen frå ein ny vinkel!

Holsstøylen (11)

Når ein berre var komne opp i høgda (600 meter over havet og vel so det), flata landskapet ut og vart riktig so innbydande. Trass i steikande sol og lite skugge, var det lettleg å gå i den tørre lyngen og på grå steinar.

Holstøylen (13)Holsstøylen (7)

Og brått var vi (guiden min og eg) ikkje dei einaste som rørde på seg i landskapet: ei fjellrype trippa rundt og prøvde å distrahere oss frå dei tre kyllingane hennar som låg og trykte på bakken. Men vi fekk auge på dei og rakk å fotografere ein av dei på nært hald. So let vi dei vere.

Holsstøylen (13)

Innover fjellet var det haugar og små dalar, og her og der låg det små vatn med bekkar rennande mellom seg. Turens høgdeppunkt var den meandrerande elva nedanfor nokre strie stryk, der det var fullt av runde steinar, toreloar. Vi skulle heldigvis ikkje gå noko særleg mykje høgare, so det gjekk an å ta med seg nokre fine eksemplar i sekken.

Holsstøylen (6)Holsstøylen (5)

Ferske råvarer

Ferske råvarer (1)

Rabarbra, jordbær og grønkål. Fyrstnemnde er kjøpt i butikken (sidan opphavet hadde allereie brukt dei frå eigen hage), dei raude juvelane er kjøpt direkte frå bærbonden og sistnemnde er frå eigen hage. Og alt er ferskt. Og når ein får tak i so flotte råvarer, er det ekstra kjekt å kunne forelde dei på ulike måtar.

Mor mi var ikkje tung å be då eg spurde om ho kunne lære meg å lage sylte (for det har eg faktisk aldri gjort før!), og snart hadde vi fått både rabarbraen og jordbæra på glas. Det høyrer òg til soga at vi to dagar seinare tok turen til Sandane og kjøpte med oss ei heil kasse med bær. No står det til saman nitten glas med jordbærsylte i kjellaren.

Ferske råvarer (3)

Grønkålen vart til paifyll, saman med fetaost, flesk og egg. Og to supertips frå opphavet er å bruke eit par grønkålblad i pølsegrateng og i blomkålsuppe. Det passar veldig godt saman med dei andre smakane.

Ferske råvarer (4)