Skodde over vatnet

Skodde (båten for ile)Etter å ha late han liggje til trutning i nokre dagar, var færingen endeleg tett nok til at ein kunne tøme han for vatn og leggje han for ile. Då er det liksom sommar på skikkeleg!

Sjølv om det noko ustadige vêret enno ikkje har gjeve høve til so mykje roing, so tek jo båten seg veldig fint ut der han ligg. Særleg stemningsfullt var det no i helga som var, då skodda la seg over vatnet og langs fjellsidene og fekk det til å sjå ut som om trebåten sigla i eit grått tomrom.

Innflyttingstreet

Noko av det finaste ein kan gjere når ein byter bustad (sjølv om huset og hagen i seg sjølve er gamle kjenningar) må vere å plante noko i den nye hagen. Det kan til dømes vere ei hardfør staude eller ein volumiøs prydbusk, men det å plante eit frukttre må i grunn vere det aller flottaste: Om våren lyser greinene opp hagen med små, skjøre blomar, om sommaren gjev lauvverket behageleg skugge, og om hausten kan ein plukke og ete av fruktene. So sant treet ikkje vert råka av sjukdom eller andre ulukker, kan dei vekse og vare i fleirfaldige år og glede fleire menneske, både noverande og framtidige husbuarar. Og det er noko veldig tiltalande ved tanken på å kunne peike på eit tre og seie at «Det planta eg den sommaren eg flytta hit».

Etter litt fundering og ein tur til næraste gartnar, fall valet av innflyttingstre på eit sjarmerande lite morelltre med namnet Prunus avium «Stella». I tillegg til å gje freistande frukter skal det visstnok vere ei god sort til bestøving av andre morell- og kirsebærsortar, noko som høver godt når der er to tre av den typen i hagen frå før av.

Innflyttingstreet (2)

Det er nok nokre år til treet er so stort at det gjev særleg stor blomstring, skugge og avling. Men eg har god tid.

Velkomen til Birkelandshuset!

Birkelandshuset, gamalt foto (5).JPG

Midt i ei vakker vestlandsbygd ligg der eit hus som har stått tomt alt for lenge. Som dei fleste hus med ein viss alder har det gjeve husrom til mange menneske oppigjennom, både fastbuande og forbifarande, som kvar på sin måte har vore med på å gje byggverket historie og sjel. Spor av levd liv finst mellom veggane, i fotoalbum, på nedslitte bordplater, mellom samanklistra kokebokark og i fortal frå folk som har vore innom.

Etter fleire år i dvale skal huset, som på folkemunne blir kalla Birkelandshuset, vekkjast til liv. No er det min tur til å setje mitt preg på huset som i tur og orden og om ein annan har vore barndomsheim, gjesteheim, besteforeldrehus og feriestad. Med lys i vindauga og surr av kvardag, håpar eg å forme og vidareføre den lune atmosfæren eg sjølv hugsar og ynskjer å ha rundt meg.

Velkomen inn!