Å nytte avlingane

a-nytte-avlingane-1

Eg kan ikkje hugse å ha sett ein haust so rik på eple som i år. Det har kanskje litt å gjere med at eg eigentleg ikkje tok til å leggje merke til slike ting før for nokre år sidan (men det er jo òg noko i det når lokalavisa har midtsidesak om den fruktfulle eplehausten, med store fargefoto av begeistra andlet og raude eple). Her i hagen har det altso vore meir å plukke inn enn det som er vanleg (og likevel måtte vi late ein god del av frukta hengje att), og etter kvart som ein haustar lyt ein freiste finne nye måtar å nytte avlingane på. Alt kan jo ikkje bli eplemos, og å omnstørke epleringar tek gjerne heile kvelden. So då er det greit med ein rask (og i grunn ganske sjølvsagd) variant: friske eple i bakst.

a-nytte-avlingane-4

Dei meir rutinerte bakarane (som t.d. mor mi) har gjerne sine eplekakeoppskrifter som dei sver til. Eg på mi side har enno ikkje funne den oppskrifta som eg føler kan vere min haustbakstsignatur, men etter ei lita Internett-vandring fann eg ei eplemuffinsoppskrift som freista veldig å prøve ut til laurdagskvelden. Og det gav meirsmak! Til ei muffinsrøre gjekk det med tre eple frå eit av dei eldste trea i hagen (som mykje truleg er av sorten Leiknes, etter det onkel har fortalt og ut frå databasen til Norsk institutt for skog og landskap). Ikkje det største innhogget i eplekassa, med andre ord, men fint som variasjon.

a-nytte-avlingane-15

I hagen er der for øvrig ein siste vekst som ikkje er hausta inn. Det å plante nokre stangselleriplantar i åkeren var mest av alt eit eksperiment, og verken eg eller opphavet hadde nokon særleg plan for kva vi skulle nytte dei til. Stilkane vart ikkje særleg store, men etter ein liten test synte det seg at det var mykje smak i dei. So det gjekk fint å nytte dei som hovudingrediens i denne valnøtt- og sellerisalaten.

a-nytte-avlingane-10a-nytte-avlingane-6

3 tankar på “Å nytte avlingane

  1. Sjølv om eg ikkje er så glad i eple i bakst (som til dømes eplekake), må eg få seie at dei muffinsane såg kjempegode ut 😀 Stas å plukke frukt og slikt frå eigen hage 🙂

    Likar

    1. Eg er faktisk ikkje so alt for glad i eple i bakst, eg heller – mest grunna konsistensen epla ofte får. Men det problemet vart (nesten) løyst ved å skjere eplebitane veldig små. Og so er det jo noko med det at ting unekteleg smakar litt betre når ein nyttar sjølvdyrka ingrediensar!

      Likar

Kommenter innlegget